Magnar Kartveits avskjedsforelesing

img_3698

I dag kjenner eg meg inspirert og berika. Då professor Magnar Kartveit hadde si avskjedsforelesing på VID Misjonshøgskolen i dag, blei det invitert til eit ope arrangement. Til og med dei tilsette sitt kakeselskap med helsingar til jubilanten blei opna opp. Og eg som ein bibelfagleg interessert prest, tok imot invitasjonen. Magnar var min første lærar i GT då eg starta som hospitant på (det som den gong heitte) Misjonsskulen i 1976, og eg har alltid sidan sett pris på han som person og bibelforskar.

Magnar heldt ei glimrande forelesing over spørsmålet Kva skal me med Det gamle testamentet? I tillegg var det mange helsingar med gode ord til han og om han. Han delte raust ut manuset då forelesinga var ferdig. Eg fekk også kjøpt med meg festskriftet Jerusalem, Samaria og jordens ender som blei gitt ut til hans 65-årsdag i 2011. Av ein eller annan grunn skaffa eg meg ikkje dette då det var nytt.

Forelesinga vil nok bli publisert fullstendig i ein eller annan samanheng. Eg tar her bare med hans ti punkt med innsikter og tankemønster som me har fått gjennom GT, og som hovuddelen av forelesinga var bygd opp over:

  1. Lineær tid, motsett syklisk tid
  2. Gud: monoteisme
  3. Sekularisert naturforståing
  4. Sjudagars-skjemaet
  5. Geografisk forståing
  6. Synd og sjukdom
  7. Sosial tenkjing
  8. Mot korrupsjon
  9. Maktfordelingsprinsippet
  10. Djupnene i Gud

Før desse punkta hadde han ei innleiing der han nemnte mange som sikkert ville ha blitt forarga over spørsmålet Kva skal me med Det gamle testamentet? Her var både Bob Dylan, settlarane på Vestbreidda og hans eiga bestemor nemnt.

Etter dei ti punkta hadde han nokre kloke ord om koss me skal tolka GT. Han viste til at GT både inneheld viktige idear og tankar som me som kristne kan overta direkte, og tekstar som me må ta imot med ettertanke og filtrera gjennom NT.

I avslutninga framheva han at bibelfagleg arbeid med GT vil gje innhald, form og farge til Guds kjærleik, som NT så flott skildrar i 1. kor 13. Dermed blei dette dei siste orda: Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: