Den gode samaritanen

Notat til søndagens tekst: Lukas 10,25-37

Jesu forteljing om den gode samaritanen er ei litterær perle frå Bibelen:

«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.» (Luk 10,30-37)

Den korte forteljinga har eit sterkt innhald som utfordrar oss til å sjå våre medmenneske, og særleg dei lidande, når han eller ho treng hjelp. Det kan dreia seg om ein som blir mobba der me er til stades, for eksempel på skulen eller på arbeidsplassen, eller lidande menneske i eit internasjonalt perspektiv. Alle menneske er vår neste. Me høyrer saman og me har ansvar for kvarandre.

Men det er også andre viktige sider ved bibelhistoria, som denne: Jesus let han som viste miskunn, vera ein utlending. Israelsfolket var tradisjonelt delt inn i tre grupper; prestane, levittane og folket. Oppbygginga av forteljinga skulle då logisk tilseia at det var ein representant for folket som kom som den tredje personen og som viste seg som det gode medmennesket. Jesu ord må ha vore sjokkerande. Samaritanane var eit forhatt nabofolk.

Eg tar med ei dramatisering av forteljinga frå 1920-åra. Då filmen “bare” er snaue 100 år gamal, blir det feil å seia at den er autentisk. Men det er interessant å sjå forteljinga i eit gamalt opptak i ørkenen der den høyrer heime.

Filmen sluttar med dette bodskapet:

The act of the Good Samaritan, a lesson in universal brotherhood, teaches the beauty of loving our neighbour as ourselves regardless of creed, color and race.

Eg syns det kviler ein merkeleg ro over filmatiseringa. Eg vil tru både Jesus og tilhøyrarane såg for seg større dramatikk då han fortalde historia!

Her er eit utdrag av omtalen av filmen på YouTube:

Drama of the biblical story of The Good Samaritan shot on location in Palestine in the 1920s. It is an excerpt from a 60 minute independently made silent feature film, released in the U.S. in 1925, called “The Man Nobody Knows”, directed by Errett Leroy Kenepp and based on a book by Bruce Barton of the same name published in 1924. The main character is played by a real Samaritan – The High Priest Yitzhaq b. ‘Amram, aka Isaac Ben Omram, (1855-1932).

I kristen forkynning finn me ofte også  eit anna perspektiv på forteljinga; at Jesus sjølv er skjult til stades som den gode samaritanen. Han er den som ikkje går forbi den som treng hjelp. Han er den som bøyer seg ned, heilt frå himmelen, for å hjelpa og frelsa. Ser du det bildet? Det finst òg i søndagens tekst.

I kyrkjeåret høyrer forteljinga om den gode samaritanen heime på 22. søndag i treeiningstida som forteljingstekst og som evangelietekst i tredje tekstrekke. Det vil seia at det blir forkynt over denne teksten i kyrkjene førstkomande søndag, 16. oktober 2016. I kyrkja tar ein då med versa i forkant av forteljinga, slik at bakgrunnen for Jesu ord også er med:

25 Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 26 «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?» 27 Han svara: « Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» 28 Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» 29 Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» 30 Jesus tok dette opp og sa:
«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød ….

Relaterte notat:

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: