Erik Gunnes: NT

gunnes-nt-framside

 

I bokhylla mi står to eksemplar av Erik Gunnes si utgåve av Det nye testamentet.

Det eine eksemplaret er godt brukt. Dette var det nytestamentet eg brukte mest då eg ca 16-17 år gamal blei ein aktiv bibellesar. Den slitte pocketboka betyr derfor mykje for meg, den er ein del av mi personlege bibelhistorie.

Nå syns eg det er ganske interessant å sjå tilbake på koss eg som tenåring las Bibelen. Eg kan gjennom slitne sider og mange understrekingar i teksten sjå kva tekstar eg den gong merka meg som spesielt viktige. Og klistremerket eg hadde på framsida er typisk for 1970-talets kristne ungdomskultur.

Det andre eksemplaret er ubrukt. Eg kom nyleg over boka på loppemarknad og kjøpte den i pur glede over å finna eit reint eksemplar av den same bibelutgåva.

Til konfirmasjonen i 1971 hadde eg fått ein skinninnbunden Bibel av fadrane mine. Dette var den klassiske bibelomsetjinga frå 1930, med eit språk som på 70-talet var veldig gamaldags. Eg hadde også den såkalla Ungdomsoversettelsen av NT. Men det var Gunnes si omsetjing av NT eg likte best. Bare det at den var gitt ut som pocketbok med eit spennande Jesusbilde på framsida, gjorde at eg opplevde den utruleg moderne.

Erik Gunnes (1924-1999) var professor i historie på Universitetet i Oslo. Han hadde bakgrunn som katolsk prest, og gav ut si eiga omsetjing av Det nye testamentet i 1968. Denne omsetjinga er nå online tilgjengeleg her.

Eg tar også med baksida av pocketboka. Eg har ikkje tenkt over det før, men ser nå at eg kanskje alt som tenåring kan ha fått interesse for å lesa Bibelen i forskjellige utgåver og på ulike språk.

gunnes-nt-bakside

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: