Stavangersk nynorsk

Tore Renberg har skrive roman på nynorsk. Aftenbladet har i dag eit intervju med han, og her kjem gullkorna på rekke og rad. Eg syns det er flott kvar gong det blir fokusert på kor naturleg nynorsk er her i Rogaland, – inkludert i Stavanger.

Sjølv begynte eg å skriva nynorsk mens eg framleis var elev på Hetland vidaregåande skule i Stavanger. Sidan har eg mange gonger omtalt dette som ein sentral del av ungdomsopprøret mitt.

Eg hadde sjølvsagt hatt bokmålopplæring sidan eg begynte i 1. klasse. Den første interessa for nynorsk vakna i norskundervisninga, kanskje allereie på ungdomsskulen på Hinna. Eg orka likevel ikkje å ta det store spranget det ville vera å skifta hovudmål på vidaregåande. Men etter at eg var ferdig på Hetland, har eg skrive nynorsk. Det vil seia ein stavangersk nynorsk som ligg tett opp mot dialekten min.

Her er eit utdrag frå Jan Zahl sitt intervju med Renberg:

Nynorsk blei redninga då Tore Renberg stod fast i arbeidet med sin nye roman. “Du er så lys” måtte skrivast i eit språk som låg nærare både tanken og tunga.

(…)

Eg har alltid skrive med intensitet og glede, men her sat eg med ein tekst som var drit. Eg lurte på om eg hadde mista det.

Renberg har eit lyst grunngemytt. Han prøvde å halda dei mørke tankane borte, prøvde å vera konstruktiv, positiv, som ein annan næringslivsfyr, vakna ein morgon og tenkte han hadde løysinga.

– Eg begynte å skriva på dialekt. Det funka ikkje. Det blei bare sært og smalt.

Ny natt. Ny grubling. Finst det eit språk som ligg nærare tanken og tunga, eit språk som står til Jørgen, som formidlar det Renberg vil seia?

Jo. Eureka! Nynorsk!

– Eg begynte å skriva i jublande glede. Eg hadde endeleg funne verktyet som eigna seg for dette materialet. Det var som å bli ein førstegongsskrivande igjen. Det var ein fantastisk dag i dette forfattarskapet!

– Kan du nynorsk?

– Eg kan nynorsk slik ein stavangermann på heilt naturlig vis kan dette målet. Eg har hatt det på skulen, som sidemål, skreiv særoppgåve om Tarjei Vesaas. Men eg har hatt ein identitet som bokmålsbrukar.

Er ikkje dette eigentleg litt rart, kjære, eventuelle lesar? At nynorsk ikkje har (hatt) ei sterkare stilling i ein by som Stavanger? I Sandnes? Bergen? Lyttar du ærleg til korleis du sjølv snakkar, vil du høyra at språket ditt utan tvil ligg nærast nynorsk. Du seier “eg” og “ikkje”, bøyer substantiv og verb som ein nynorsking. Likevel har nynorsk blitt sett på som eit mindreverdig språk.

– I denne kulturen har eg vakse opp. Som litterært interessert menneske har eg jo fått med meg at det er masse flott litteratur på nynorsk. Men eg har aldri vore den fremste nynorsktilhengaren. På skulen følte eg at eg lærte eit språk som ikkje var vårt, seier Renberg.

– Kan det vera eit utslag av byarroganse – eller dårleg urban sjølvtillit – når vestlandsbyane har eit slikt syn på nynorsken?

– Ja. Det ligg ein historisk arv der, det reflekterer den gamle embetsmannsstatens agg mot landsmålet. Det har ikkje hjelpt at Stavanger har vore ein blå by, for Høgre har alltid vore ute etter nynorsken – som dei også er nå. Det er lite raust og framsynt, og eitt av Høgres minst sympatiske trekk, svarer Renberg, og legg til:

– Eg tek sjølvkritikk på korleis eg har sett på nynorsken – og det burde også Høgre gjera. Du kan ikkje diskvalifisera så mykje tenking som er gjort på dette språket, sjå ned på så mange som bruker nynorsk. Ein burde sjå den tospråklege situasjonen me har som eit potensiale, ikkje eit ork og eit slit.

Renberg noko har skjedd. Ikkje bare med hans eige forhold til nynorsken, men folks forhold til målet.

– Nå skriv me SMS på dialekt. Det same gjer me i sosiale medium. Det har blitt heilt naturleg for oss å skriva eit språk som ligg nærare tunga; nærare slik me snakkar, seier Renberg, som meiner han har funne opp igjen sitt eige språk – sin eigen litteratur – gjennom oppdaginga av nynorsken.

Les meir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: