Nytt om Dødehavsrullane 2016

Hole 4, Qumran

Dødehavsrullane er ikkje ferdig utforska. Dei berømte pergamenta med gamle tekstar blei funne for snart 70 år sidan i holer i ørkenen ved Dødehavet, i og rundt Qumran. Men dei er “fortsatt en tekstsamling som utfordrer gammeltestamentlere, nytestamentlere, arkeologer og historikere” (sitat Torleif Elgvin).

Bildet av hole 4, der mange av tekstane blei funne, tok eg i Qumran for nokre år sidan.

Dødehavsrullane inneheld mange ulike typar tekstar: for det første bibeltekstar (GT), for det andre forskjellige tekstar som er utforma av fellesskapet som heldt til i Qumran (“Samfunnet”, truleg essearar) og for det tredje ulike jødiske tekstar som blei lesne i dette fellesskapet. Samfunnet heldt til i Qumran i første hundreår f. Kr. og første hundreår e. Kr. fram til romarane øydela staden i år 68. Dei var altså der på Jesu tid.

Torleif Elgvin er ein av forskarane som arbeider med desse tekstane. Han har dei siste åra leia eit forskringsprosjekt der ein har undersøkt tekstar og gjenstandar frå Qumran med ny teknologi. Arbeidet er nå presentert på norsk i artikkelen Nye perspektiver på dødehavstekster i Teologisk Tidsskrift 2/2016 og meir grundig i boka Gleanings from the Caves som kjem ut seinare i år.

Eg hadde med meg tidsskriftartikkelen til fjells nå i sommar. Eg kunne ta meg eg god tid; lesinga blei bare forstyrra av eit par koppar kaffi og den flotte utsikta mot Taumevassnuten. Og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om eg ikkje har greie på dei avanserte metodane til forskingsteamet, syns eg det var interessant å lesa om arbeidet deira og ikkje minst om koss forskarane tolka dei funna dei har gjort.

Eg la spesielt merke til at pergamentanalysen skal støtta opp om ein teori som seier at essearane var ei ressursrik og talrik gruppering som gjorde seg gjeldande i byar og landsbyar i Judea, altså ikkje ei perifer gruppe som var avgrensa til ørkenen ved Dødehavet. Vidare at analysen av eit linklede som skal ha vore brukt til å pakka inn Tempelrullen, kan tyda på at rullen er plassert i hola (hole 11, tre km nord for Qumran) etter år 70. Men det er også mange andre interessante funn og teoriar som blir presenterte.

Teologisk Tidsskrift har ein introduksjon til Elgvins artikkel, skriven av Hallgeir Elstad og Reidar Hvalvik: Nytt lys over gamle tekster.

Det er elles ganske spesielt at objekta som forskingsprosjektet har arbeidd med, høyrer til i ei norsk samling; Schøyen-samlinga, som skal vera den største private skriftsamlinga i verda!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: