Religionsboka er unik!

Religionsboka, DMT 1941. Foto: Arne Berge 2016

Religionsboka, DMT 1941. Foto: Arne Berge 2016

Den er unik! Det seier forstandar Ervin Kohn om den norsk-jødiske religionsboka som eg kom over og som nå er gitt til Det Mosaiske Trossamfund.

Dagen har i dag ein stor reportasje om saka: Prest fant unik jødisk bok. Et tilfeldig funn i et antikvariat i Rogaland førte til et spennende møte i Oslo hvor en liten, jødisk bok nå skaper glede og nysgjerrighet.

RELIGIONSBOKA

tilhører Det Mosaiske Trossamfund i Oslo og lånes til elevene av religionsskolen.
Elevene og deres foresatte plikter å passe på at boka ikke smusses til eller behandles skjødesløst.
Når barna slutter religionsskolen leveres boka tilbake til menigheten.

Skolenemnda

Religionsboka er lånt:
til ……………………………..
Oslo, den 25. april 1941

Boka inneheld dette korte forordet og 76 sider lærestoff. Ingen forfattar er nemnt. Bak i boka er det nokre sider med hebraisk tekst frå den jødiske bøneboka.

Det er spesielt éi side ved innhaldet som eg syns er gripande. Midt i alt lærestoffet om bakgrunnen for dei ulike jødiske høgtidene og tradisjonane, skin det gjennom kor stolt forfattaren er over trua si. Dette gjer ikkje minst sterkt inntrykk når eg tenkjer på at teksten er skriven i 1941, ei svært vanskeleg tid for det jødiske folket i Europa.

Eg tar med eit par avsnitt som illustrerer dette:

Historien om Chanukkafesten lærer oss: Ingen seier med vold og makt, men bare med Herrens ånd. Den maner oss: Vær som makkabéerne, offerglad og tru mot folket ditt og mot Gud. Lit på Gud, så skal din rettferdige sak få seier. Gjør som makkabéerne, og kom vel i hug: de var villige til å leve som riddersmenn eller dø. – Det er godt for den jødiske ungdommen at den kan si: ”Se folket mitt har avlet like modige menn som grekerne og romerne.” Men enda bedre er det at vi vet hva de stridde for: Guds-tru, sannhet, godhet og mannsferd. (side 50)

Hva sabbaten betyr. Vårt folk fikk av Gud, allverdens skaper og styrer, i oppdrag å bli en læremester og et eksempel for alle mennesker. Dette oppdraget har satt Israel i stand til å gi værden så mang en lære. Den dyreste gaven våre medmennesker har fått gjennom Israels eksempel, er kviledagen, sabbaten. De har ikke lenger samme kviledagen som vi, og de holder sin kviledag på en annen måte; men sjølve tanken: at det arbeidene mennesket må få kvile – ikke bare være arbeidstrell -, har jødene båret ut i verden. Blant jødene har sabbaten også den aller største vekt. En kan med rette si at den veier opp alle andre bud. Den er midtpunktet i læren, hjertet i religionen. Det jødiske mennesket, som kviler på sabbaten, er et åndsmenneske den dagen. (side 61-62)

Det å lesa i denne boka, skaper også mange spørsmål i meg. Kven kan ha skrive teksten? Var den nyskriven i 1941? Var teksten omsett frå eit anna språk?

Innhaldet i boka er svært interessant. Men kva med språket? I og med at boka er produsert slik den er, inneheld den naturleg nok nokre skrivefeil og språklege inkonsekvensar. Eg vil likevel seia at den er skriven på godt norsk og at forfattaren har hatt ei god formidlingsevne. Det mest påfallande er at boka faktisk er skriven på samnorsk. Me kan kanskje seia at boka språkleg sett var politisk korrekt i 1941, i og med at rettskrivings-reforma frå 1938 var prega av eit radikalt bokmål. I religionsboka lyder det niande bodet (etter jødisk teljemåte) ”Du skal ikke ljuge”.

Det blei eit interessant møte i Oslo. Dei jødiske leiarane eg møtte i synagogen, kan tolka boka mykje betre enn meg. Og det er heilt sikkert historikarar ved Jødisk Museum som kan arbeida vidare med spørsmåla som boka reiser. For meg blei dette først og fremst ei god oppleving i møte med jødiske nordmenn og ein inspirasjon til å læra meir om deira historie, kultur og trusopplæring.

Èitt svar til Religionsboka er unik!

  1. […] Eg kjem tilbake med meir stoff om boka, – og om det interessante møtet med leiinga i DMT. Les meir her: Religionsboka er unik! […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: