Kretsjubileum i Israelsmisjonen

Stavanger krets i Den Norske Israelsmisjon 100 år

Arne-Paul III dag er det 100 år sidan Stavanger krets i Den Norske Israelsmisjon blei stifta i St. Johannes menighetshus 31. mai 1916. Kretsen markerte dette med ei innhaldsrik jubileumsfeiring sist helg. Til hausten blir det ny markering med kulturhelg for heile organisasjonen her i kretsen i september. Me er ikkje som “hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant”. Kretsen er i høgste grad med i kyrkjelivet her i regionen. Det kan eg seia, “sånn heilt objektivt sett”, sidan eg er leiar i kretsstyret og dermed godt involvert i jubileet🙂

Den Norske Israelsmisjon er en misjons- og kompetanseorganisasjon som vil spre kunnskap om det jødiske folk, dele evangeliet med dem, vise kristen nestekjærlighet og bidra til forsoning.

På bildet står eg saman med misjonssekretær Paul Odland ved skulpturen av Johan Peter Lunde, stiftaren av kretsen, utanfor St. Johannes kyrkje. Foto: Trond Bø 2015.

Jubileumshelga starta fredag kveld med at me hadde sabbatsmåltid i Hinna kyrkje. Dette blei ein fin kveld med god mat, musikk ved Trygve Meyers trio (jazz) og mykje anna program. I staden for tale, hadde assisterande generalsekretær Jorunn Andestad Langmoen og eg ein samtale om kva trua sine jødiske røter kan bety for oss som kristne. Me la blant anna vekt på koss den jødiske sabbatstradisjonen med sin kombinasjon av kviledag og heilagdag kan hjelpa oss til å la helga vera annleis enn resten av veka.

Laurdag hadde me ei historisk byvandring i Storhaug bydel, leia av lokalhistorikar og forfattar Gunnar Roalkvam. Dette var veldig interessant. Roalkvam gjorde ein flott jobb. Veret var dessverre ikkje like flott; akkurat denne ettermiddagen hølja det ned, mens det resten av helga var fint ver. På byvandringa passerte me fleire viktige stadar i Israelsmisjonen si historie i Stavanger:

  • Charlottenlund (ved Breiavatnet) som var landstad for fogd Søren Daniel Schiøtz, ein sentral person ved stiftinga av organisasjonen i Stavanger i 1844
  • Me stod i Brødregata og såg ned til staden der Duesalen i si tid låg (Asylgt 6). Dette var Brødrevenene si samlingsstad i Schiøtz sin heim, oppkalla etter Stephan Due. Den Norske Israelsmisjon blei stifta her i 1844 (eventuelt på Charlottenlund)
  • Dagens kretskontor i Nedre Dalgt 9
  • Bygningen som i si tid var St. Johannes menighetshus, Tårngt 41, der Stavanger krets blei stifta av sokneprest Johan Peter Lunde i 1916. Huset er i dag bygd om til bustadar.
  • St. Johannes kyrkje, der Lunde var sokneprest. Utanfor kyrkja står altså skulpturen av han saman med eit par barn. Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann la ned blomar ved skulpturen før me avslutta vandringa her. Lunde blei seinare biskop i Oslo og blir omtalt som “barnebispen”

I tillegg hadde me fleire andre interessante stopp ved byvandringa. Me passerte forsamlingshus for ulike kristne organisasjonar og trussamfunn. Me hadde eit stopp ved minnesteinen over Lars Skrefsrud. Og me gjekk også til Figgjogt der to av snublesteinane i byen ligg. Snublesteinane er minnesmerke over ofra for nazismen under andre verdskrigen. Steinane i Figgjogata er til minne om det jødiske ekteparet Reichwald som budde her. Les meir om dette prosjektet her.

Etter byvandringa hadde misjonssekretær Paul Odland eit interessant foredrag om kretsen si historie. Han har sett seg godt inn i dette stoffet og er vel også den som for nokre år sidan “oppdaga” at me ville ha 100-års jubileum nå i 2016.

Laurdag kveld hadde me jubileumsfest på Misjonshøgskolen med festtale av generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann, song av gruppa Shalom frå Bryne (der Inger er med), helsingar og presentasjon av tidlegare tilsette og  utsendingar frå kretsen.

Søndag hadde me festgudsteneste i St. Johannes kyrkje. Her fekk eg ha preike og misjonsinformasjon, og dessutan dela på liturgien saman med sokneprest Aslaug Austbø. Gudstenesta inneheldt både dåp, nattverd og korsong ved Jærklang frå Bryne. I tillegg deltok utsendingar frå Den Norske Israelsmisjon på gudstenester og møte 11 andre stadar i kretsen denne søndagen.

Det har vore ei flott helg. Eg vil takka alle involverte, og ikkje minst St. Johannes menighet for at me fekk feira jubileumshelga i samarbeid med dei. Kyrkjelyden stilte flott opp for arrangementet på mange måtar, blant anna ved å ta ansvar for servering både laurdag og søndag, og ved å tildela jubileumsoffer til Israelsmisjonen.

Èitt svar til Kretsjubileum i Israelsmisjonen

  1. […] Me har markert kretsjubileet på mange forskjellige måtar, noko eg også har skrive om her på bloggen. Det eg vil trekka fram i kveld, er at me også har tatt tak i denne vanskelege delen […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: