Israels Konge-Sogur

Det Norske Bibelselskap 200 år

Koss kan eg best heidra 200-års jubilanten her på bloggen?

Bibelselskapet har feira jubileet med stor bibelfestival i Oslo denne helga. Eg har ikkje hatt høve til å delta då eg har vore opptatt med eit anna og meir lokalt jubileum. Men Bibelselskapet er viktig for meg. Eg nyt kvar dag av frukta av deira arbeid gjennom lesing i Bibel 2011.

Det eg sjølvsagt først og fremst ønsker å seia, rett nok litt forseinka, er dette: Gratulerer med jubileet! Det Norske Bibelselskap er viktig, det er svært økumenisk, det tar del i internasjonal bibelmisjon og det har gitt oss den etter mitt skjøn beste bibelomsetjinga me pr i dag har her i landet.

Eg vil likevel markera jubileet på ein litt meir nerdete måte enn med bare å seia “gratulerer”. Eg hentar derfor fram éi av dei mest spesielle bibelutgåvene eg har i bokhylla mi; Israels Konge-Sogur. Dette er ei gamal utgåve som inneheld Samuelsbøkene og Kongebøkene frå Det gamle testamentet, omsett av professor Alexander Seippel og utgjeven “hjaa Det Norske Bibel-Sellskape” i 1930. Boka har eg kjøpt på Nynorsk Antikvariat.

Israels Konge-Sogur 3_0001

Israels Konge-Sogur 1

 

Seippel var ein tidleg pioner når det gjeld nynorsk bibelspråk. Sylfest Lomheim skriv slik om han i Norsk Biografisk Leksikon:

Kva slags bibelstil skapte Seippel? Det som slår ein lesar, er dei dristige stilspranga – poetisk der grunnteksta var det, kvardagsleg der grunnteksta var det. Og venleiksdyrkande som han var, nytta Seippel til fulle treklangen i midlandsmålet (endevokalar på a, i, u) – “læresveinane”, “Israels-ættine”, “kvinnune”. Som omsetjar var han nådelaust profesjonell. Han omsette ikkje Jesu bøn med “Fader vår”, men “Far vår, i himmelen” (Matt 6,9). Først i revisjonen av Nyetestamentet (2004) ser det ut til at dette kan bli løysinga. Men han gjekk stundom vel langt i å gjera bibeltekstene heimlege, til dømes valde han “ein av sokneformennan” (Matt, 9,18), endå det burde ha stått “ein av synagogeformennene”. I vår tid kan Seippel verka gamalvoren og orddyrkande. Men synsvinkelen lurer oss: Han var radikal og nyskapande – i si tid. Og hans løysingar lever: “Dette er sonen min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i” (Matt 3,17).

(Les meir)

Eg tar med eit sitat frå Israels Konge-Sogur for å visa språket til Seippel. Avsnittet er  henta frå Salomos bøn ved tempelvigsla i 1. Kongebok 9:

Men er det no i røyndi so at Gud bur paa jordi? – Sjaa himmelen og alle himlar i himmelen rømer deg inkje, langt mindre dette huse, som eg hev bygt! Like-vel vil du visst snu deg aat bønine og dei audmjuke ynski mine, Herre min Gud; du vil visst høyre paa det rope og den bøni som tenaren din ber fram for di aasyn i dag, og vaka yver dette huse natt og dag – yver den staden som du sa det um: “Eg vil sjøl bu der” – so du høyrer paa dei bønine som tenaren din ber fram med augo vende mot denne staden. Du vil visst høyre paa dei hjarte-sukkane som din tenar og Israel, folke ditt, sender hit til denne staden; du vil høyre dei paa den staden du bur – i himmelen; du vil høyre og til-gjeva.

Til samanlikning er ordlyden i Bibel 2011 slik:

   27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! 28 Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet! 29 Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30 Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

Dette avsnittet er ikkje veldig krevjande i Seippel si språkdrakt. Det finst andre avsnitt som språkleg sett er mykje meir vanskelege. Mange vil nok i vår tid til og med seia totalt uforståande. Ikkje alt som var “radikalt og nyskapande” i 1930, er gangbart i dag.

Eg tar med eit eksempel. I starten av Salomo si bøn (vers 12-13), står det slik hos Seippel:

Daa kvad Salomo:
Paa himmel-kvelven sette Herren soli bjart,
Sjøl etla han i skodde-myrkre bu –
Bygt hev eg no eit hus til heim for deg,
Ein bu-stad der du gjenom ævun´ une kann.

Bibel 2011 formulerer seg enklare (men her startar teksten med det som er andre linje i Seippel sin tekst):

Då sa Salomo:
Herren har sagt
at han vil bu i ei mørk sky.

Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,
ein stad der du kan bu i all tid.

Seippel har også med fotnoter med forklaringar, nokre gonger kommenterer han norske ord og uttrykk, andre gonger kommenterer han grunnteksten eller andre vitskaplege spørsmålsstillingar.

Bibel 2011 følgjer her den hebraiske (masoretiske) teksten, mens Seippel følgjer den greske omsetjinga (Septuaginta) som har med ei ekstra linje. Seippel kommenterer tekstvalet sitt i dette siste eksemplet i ein fotnote (som heller ikkje er enkel å forstå i dag):

Paa himmel (-kvelv)en sette Herren soli (bjart), soleis den græske teksti (i v. 53). Heile denne reiti vantar hjaa Massora; men det kann inkje lett tenkjast at Salomo skulde ha kvedi eit uheilt vers.

“Eit uheilt vers”? Visste ikkje Seippel at versinndelinga historisk sett er relativt ung?

Språk og omsetjing er spennande saker! Og Bibelselskapet er og har vore ein profesjonell aktør med brei kulturell og fagleg kompetanse. I 1930 var Seippel ein av dei fremste språkforskarane innan semittiske språk, og han hadde også ry på seg for å vera ein ordkunstnar på norsk. I dag er det vår tids forskarar og litteratar som saman har arbeidd seg fram til teksten i Bibel 2011.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: