Bibelhistorier: Getsemane

Getsemane og Oljeberget

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn i den bibelske geografien. Bildet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda.

Bibelhistoria om Jesu bønekamp i Getsemane er preiketekst på 1. søndag i fastetida i år, 14. februar 2016:

6 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. (Matt 26,36-45)

Dei fleste som besøker Getsemane i vår tid, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei bysantinsk kyrkje frå 300-talet og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Dei åtte gamle trea i hagen utanfor kyrkja gjer sterkt inntrykk på mange, for dei minner så konkret om denne bibelhistoria. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, då korsfararane bygde si store kyrkje, sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Tradisjonen knyter også Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. Bibelhistoria fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei (i grotta?) fordi dei var vane med å sova på denne staden? Kanskje var det her ved grotta Judas sveik Jesus?

Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om heile området ved Getsemanegrotta, Alle Nasjonars kyrkje og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Skissa nedanfor plasserer grotta, hagen (orto del Getsemani) og Alle Nasjonars kyrkje (basilika moderna) i forhold til kvarandre. Heilt til venstre ligg den underjordiske ortodokse Mariakyrkja (tomba della Vergine), som eg ikkje har omtalt i dette notatet.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: