Bibelhistorier: Forvandlinga

BEN112975 The Transfiguration, 1480 (oil on panel) by Bellini, Giovanni (c.1430-1516); 115x154 cm; Museo e Gallerie Nazionali di Capodimonte, Naples, Italy; Italian, out of copyright

BEN112975 The Transfiguration, 1480 (oil on panel) by Bellini, Giovanni (c.1430-1516); 115×154 cm; Museo e Gallerie Nazionali di Capodimonte, Naples, Italy; Italian, out of copyright

Éin gong fekk tre av dei som stod Jesus aller nærast, ifølge Det nye testamentet sjå ei heilt annleis side ved han. Dei fekk sjå Jesus i hans himmelske samanheng. Han blei forvandla og dei fekk sjå det.

Dei som var med i følget til Jesus, levde til dagleg eit kvardagsliv saman med han (det vil seia: heilt kvardagsleg kan det umogleg ha vore, for dei høyrde orda hans og såg koss han levde). Men dei hadde òg nokre heilt spesielle opplevingar saman med han. Forteljingsteksten for denne søndagen handlar om ein gong Peter, Jakob og Johannes gjekk opp på eit høgt fjell saman med Jesus. Dei gjekk opp dit for å be. Der skjedde forvandlinga. Jesus blei for ei kort stund annleis.

Ut frå samanhengen i evangelia er det kanskje mest naturleg å lokalisera hendinga til Hermonfjellet nord i Israel. Den kristne tradisjonen har derimot knytt teksten til Taborfjellet meir sentralt i Galilea. Bildet over viser koss renessansekunstnaren Giovanni Bellini (ca 1430-1516) såg for seg hendinga. Flott kunst, men eg trur ikkje han kan ha vore verken på Hermon eller Tabor!

Kyrkjeåret har ein søndag som heiter Kristi forklaringsdag, søndag 31. januar 2016. Me kunne like gjerne kalla den Kristi forvandlingsdag. På engelsk blir hendinga kalla the transfiguration. Me som er kristne, trur at Jesus er både menneske og Gud. Denne søndagen handlar om openberringa av Jesu guddom.

Sjølv om me kallar forvandlinga for Kristi forklaring, betyr ikkje det at dette kan forklarast så me kan forstå det. Dette går sjølvsagt langt utanfor forstanden. Likevel kan me tru. Og me kan tru at slike forteljingar kan gje oss djupare kjennskap til kven Jesus er.

Her er bibelhistoria om då disiplane fekk sjå Jesu herlegdom:

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.  2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.  3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han.  4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»  6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.  7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»  8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus. (Matt 17,1-8)

Moses og Elia er to sentrale personar i Det gamle testamentet. Dei representerer lova og profetane. Skya er kjent frå GT som eit teikn på Guds nærvere og på at Gud openberrar seg. Disiplane sin reaksjon viser den frykta som kan følgja med møtet med det heilage, det som er heilt annleis, jfr Rudolf Ottos religionshistoriske forsking på det heilage (her). Jesus møter denne frykta med orda Ver ikkje redde!

For den som er interessert i ei tolking av forteljinga i ein større bibelsk samanheng, vil eg anbefala Rolf Gunnar Heitmann sin gjennomgang Topptur i Galilea.

Eg har tidlegare skrive eit notat som knyter forteljinga til den jødiske lauvhyttefesten her.

Wikipedia har ein omfattande artikkel her.

Bibelhistoria om då disiplane fekk sjå Jesu herlegdom er forteljingstekst på Kristi forklaringsdag. Samtidig er forteljinga kvart år preiketekst: Matt 17,1-9 (I); Mark 9,2-13 (II); Luk 9,28-36 (III).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: