O. Berge, Skraphandel

Familiehistorie frå området ved Fiskepiren i Stavanger

Olaus Berge

Olaus Berge (1890-1961)

Jei har en löyen foritning. Jei kjöber alle mulige Brugte Ting fra den simpleste filler til de Floteste Ting. Biler kjöbes og huges op og de er en lönsom foritning da bildeler er kostbare her Jeme. Jei Kjöber Partier Jer og Metaler af alle slags og omseter de siden til de store smelterier eller Verksteder. Jei har Klart mei svert Bra med dette (…)

Slik skreiv farfar Olaus Berge i 1938 i eit brev til søstera Jenny i USA. Han dreiv skraphandel i Smalgangen 1 ved Fiskepiren i 25 år (ca 1935-1961).

Skraphandelen til farfar har vore viktig i familien vår. Det er mange gode historier knytt til forretningsdrifta. Når eg ser tilbake på dette, er det ei stolt familiehistorie om ein mann som med humor og forteljarevne gjorde ein skraphandel til noko stort!

Farfar kjøpte og selde flasker, filler, metall og det me i dag ville kalla antikvitetar. Men det at han før krigen dreiv med bilopphogging, var nytt for oss då me for få år sidan kom over Amerikabrevet frå 1938.

Eg har ein protokoll over det han kjøpte og selde frå 1956 fram til han døydde i 1961. Protokollen viser at han kjøpte frå privatpersonar og selde vidare til firma som Stavanger Tinfabrik, O. M. Titlesta Metalsmelteri (i Bergen), Bryne Metalsmelteri, og i nokre tilfelle til privatpersonar.

Den første innførselen i protokollen er frå oktober 1956. Han kjøpte 10 kg kopar av Arne Kristiansen i Hilevaagsveien 27 for kr 4,00 pr kg. Nokre dagar seinare selde han dette vidare til Bergen for kr 4,70 pr kg.

Det gjekk nok mykje i kopar og bly. Familiehukommelsen legg likevel vekt på meir spennande saker enn som så. Farfar sette ofte til side gamle og spesielle ting som han helst ikkje ville kvitta seg med. Han hadde sansen for raritetar og kuriositetar av mange slag! Kanskje var dette ein viktig motivasjonsfaktor i arbeidet hans? For oss barnebarna, ikkje minst for mine eldre søsken, var det alltid mykje spenning knytt til det å få vera der saman med han og få kikka rundt mellom alt det merkelege som fylte skraphandelen.

Smalgangen 1 var eit butikklokale som høyrde saman med Langgt. 6, der Olaus budde med familien sin; kona Petra og sonen Trygve (faren min). Dei leigde i andre etasje. Han brukte Langgt. 6 som forretningsadresse.

O. Berge Skraphandel

Dei siste åra før 1935 arbeidde farfar med lossing av båtar på Fiskepiren, truleg for firmaet Brisling-Foreningen. Av helsemessige grunnar slutta han med dette ca 1935. Far, som då var 23 år, overtok då arbeidet på kaien, mens farfar leigde første etasje i Smalgangen 1 og starta skraphandelen. Så vidt eg har forstått, hadde Brisling-Foreningen på denne tida lokale i andre etasje i dette huset.

Familien vår har faktisk også tilknyting til eit tredje nabohus; Smalgangen 3. Farfar kjøpte dette i 1954. Han hadde då flytta til Våland, men han hadde nok ein draum om å kunna koma tilbake til Smalgangen som “gamal”. Det blei det aldri noko av; han leigde ut dette huset. Uthuset i gardsrommet i Smalgangen 3 reiv han (ulovleg) og bygde opp på nytt, då det gamle var i svært dårleg forfatning. Han fekk kr 75 i bot for dette i 1955. Det nye uthuset brukte han til ”lager av tunge kolli – pakkede metaller etc”. Foreldra mine overtok Smalgangen 3 etter farfar. Dei leigde det ut i nokre år til Rogaland teater og selde huset på slutten av 1960-talet.

Smalgangen 1 stod på slutten av 1990-talet i dårleg forfatning. I dag er huset er bygd opp på nytt som eit flott kunstnaratelier (bildet under). Eg hadde gleda av å besøka kunstnaren Lasse Skarbøvik i atelieret hans i september 2015, og det fekk fram mange gode barndomsminne!

Fakta:

  • Olaus Berteus Berge (1890-1961) kom frå Finnøy. Foreldra var Pauline Marta og Ole Tobias Berge.
  • Petra Serina Berge (1889-1961) kom frå Rennesøy. Foreldra var Sigrid og Peter Sværen.
  • Petra og Olaus flytta til Stavanger som unge. Dei gifta seg i St. Petri kyrkje i 1912. Vigselsattesten fortel at ho då var syerske og at han var skipsopphoggar.

Relaterte notat:

Smalgangen 1. Foto: Arne Berge 2015

Smalgangen 1. Foto: Arne Berge 2015

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: