Vismennene

Bibelhistorier: Vismennene hyllar Jesus

Brooklyn_Museum_-_The_Magi_Journeying_(Les_rois_mages_en_voyage)_-_James_Tissot_-_overall

Bilde: The Magi Journeying. Kunstnar: James Tissot. Brooklyn Museum

Vismenn frå aust, ei stjerne viste veg, kong Herodes blei redd og sint, vismennene fann Jesusbarnet, dei gav han gull, røykjelse og myrra. Dette er viktige ingrediensar i bibelhistoria eg vil trekka fram i dag.

Trettande dag jul (6. januar) blir kalla «Heilagetrekongars dag». Denne dagen er tradisjonelt knytt til forteljinga om vismennene som hyllar Jesus. På denne tida feirar våre ortodokse kristne søsken si julehøgtid. Hos oss er det slik at nå må snart juletreet og julepynten ut av stova vår.

Vismennene frå aust viste allereie ved Jesu fødsel det universelle ved den kristne trua. Dette var ikkje-jødar som kom for å hylla den jødiske Messias.

Bibelforteljinga seier verken at dei var tre, at dei var (heilage) kongar, eller at dei heitte Caspar, Melchior og Balthazar. Dette har blitt lagt til av seinare forkynning og legender.

Men sjølv om me tar bort dei seinare tillegga, vil mange meina at sjølve bibelforteljinga har eit legendarisk preg. Koss skal ein tenka om denne bibelhistoria? Eg har lese i pave Benedikt XVI sin gjennomgang av teksten i boka Jesus fra Nasaret. Barndomshistoriene (Luther forlag 2013). Her drøfter han omtalen av vismennene, stjerna, dei skriftlærde og kong Herodes. Han konkluderer slik:

De to kapitlene hos Matteus som tar for seg barndomshistoriene, er ikke en meditasjon utformet som fortellinger, men det motsatte: Matteus forteller oss en virkelig historie som er gjennomtenkt og tolket teologisk og hjelper oss dermed til å trenge dypere inn i Jesu mysterium.

Her er forteljinga slik den står i Bibelen (Matteus 2,1-12):

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes» dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem  og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»  3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.  4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.  «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

 Du Betlehem i Juda land,
 blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
 For frå deg skal det koma ein fyrste,
 ein hyrding for mitt folk Israel.»

7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.  8 Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»  9 Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10 Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. 11 Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. 12 Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

Ein detalj eg ikkje har lagt merke til før nå i jula 2019, er det at vismennene ikkje følgte stjerna til Jerusalem! Men stjerna hadde fortalt dei at ein jødekonge var født, og då var Jerusalem det naturlege reisemål. Det var først då dei drog vidare frå hovudstaden til Betlehem at stjerna viste veg for dei. Denne detaljen har eg frå bibelforskaren Per Kristian Hovden Sætre i podkastepisoden Hvor kommer kamelene fra? i podkastserien Bibel og babbel. Høyr gjerne den!

Relatert stoff på bloggen: Heilage tre kongars dag som handlar om songen Deilig er den himmel blå og som gir ei lenke til originalversjonen på 19 dejlige danske vers!

Bibelhistoria om vismennene er forteljingstekst på Kristi Openberringsdag. Notatet er oppdatert primo januar 2020.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.