Godt nytt år, AD 2016!

Eg begynner det nye året med ordet TAKK. Eg er takknemleg for mykje i dag. Eg tenker på det at eg er i ganske god form etter ei ulukke i august. Og eg tenker på den flotte familien min, med Inger, barn, svigerbarn og fem barnebarn! Og sjølvsagt den gode storfamilien elles.

Nå ser eg fram til eit nytt år. AD er forkorting for Anno Domini, som betyr “Herrens år”.

Me har elles mykje å vera takknemlege for i samfunnet vårt. Den største utfordringa for oss i det nye året er å visa nestekjærleik til kvarandre og til dei mange flyktningane som kjem til vår del av verda. Det har visstnok kome meir enn ein million flyktningar til Europa i 2015. Nokre få av dei har kome til Norge. Eg har denne jula tenkt mykje på at Jesus sjølv var flyktning då han var barn (meir her). Han blei født inn i ei brutal verd. Han kom som eit sårbart lite menneskebarn. Så langt var Gud villig til å gå då han blei menneske!

Nyttårsdagen er Jesu namnedag. Bakgrunnen for dette er at det er åttande juledag og at Jesus blei omskoren og fekk namnet sitt den åttande dagen etter fødselen (Luk 2,21). Dagens tekst dette året inneheld eit løfte knytt til å vera “samla i hans namn”:

Jesus seier: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei. (Matt 18,20)

Det var mor som lærte meg å be. Ho lærte meg å avslutta bønene med “i Jesu namn. Amen.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: