Sissels utstilling, Fotland 2015

Et sted langt borte, like i nærheten

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dotter mi, Sissel Ruud, har utstilling på Fotland Mølle fem søndagar nå i haust (25.10 – 22.11.2015). Eg ser fram til dette med glede og reklamerer gjerne for kunsten hennar!

Men her gir eg ordet til ei anna som skriv om Sissel. Heidi Strand Harboe har skrive ein presentasjon og eit dikt til utstillinga:

Kunstnaren Sissel Ruud, opprinneleg Brynejente, nå busett i Stavanger, lagar bilete til å drøyma seg vekk i. Ho har vald å kalla utstillinga si «Et sted langt borte, like i nærheten».

Dette meiner ho dekkjer ganske godt kva utstillinga handlar om. Denne gongen har ho vald å bruka få ord til å forklara bileta sine. Ho har og vald å la kunstverka vera utan namn. Ho opplever at ord kan setja grenser for det språket ho ynskjer at bileta skal formidla. Ho vil gjerne at andre menneske skal få oppleva bileta på sin eigen måte utan at orda hennar skal vera i vegen for dei.

Sissel sitt biletspråk er fylt med leik og glede. Sjølve skapingsprosessen er og leikforma. Ho startar med å skapa eit kaos av fargar og former. Så går prosessen over til å rydda i kaos og henta fram motivet heilt til ho er fornøgd med uttrykket.

Nokre av bileta er grafiske blad, trykte eigenhendig på Grafisk verkstad i Stavanger. Dei aller fleste bileta er collagar. Sissel har utvikla ein teknikk ho så vidt ho veit er aleine om å bruka. Hovudmaterialet i collagane er serviettar som ho limer lagvis fast til lerretet til ho får den effekten ho ynskjer. Via venner og kjende, og ikkje minst på nettet har ho klart å skaffa seg store samlingar med gamle serviettar som ho brukar til dette formålet. Dei gamle litt harde serviettane frå syttitalet og dei mjuke silkeserviettane er aller best å arbeida med. Ho sper og på med andre former for gjenbruksmateriale som gamle frimerke, tekstutklipp frå gamle vekeblad og til og med hekleserviettar frå Fretex. I tillegg bruker ho akrylmaling og blekk. Resultatet er nyskapande og spennande.

Denne utstillinga består ikkje av bilete laga for å provosera på nokon måte. Snarare er dei laga for å formidla gode kjensler av lys, leik, undring og varme. Verda, kvardagen og menneskelivet er fylt med mange utfordringar me skal ta stilling til. Sissel vil gjerne at bileta skal få vera små pustepausar der ein kan kjenna på det stillferdige og det ordlause. Som tittelen på utstillinga antyder, så er det ikkje alt som kan fangast i ord. Nokre gonger treng me andre språk for å nærma oss det som ligg bakanfor det som synest på overflata.

Bileta til Sissel fortel kvar sin historie, men dei er og laga for å kunna fortelja ei historie saman.

Innanfor orda

Bak orda ein stad

ligg det ordlause,

langt borte og underleg nær

med alt som nesten er her

og med det som kanskje finst.

Det er ikkje sant at me bare bur i tida,

at me bare bur i kvardagane.

Me bur og i dette andre

som alltid er her

for den som har auge til å sjå.

Forsiktig opnar me

dørene i tida,

og går inn

for å la stilla og tilliten

stryka forsiktig over sår og styrke.

Går inn i romet innanfor orda

der fargane snakkar fargespråket,

det kan tenkjast,

at det er der eg skal møta deg.

Heidi Strand Harboe

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: