Folkemordet på armenarane

Foto: Bodil Biørn.

Foto: Bodil Biørn. “Den armenske leder Papasian betragter de siste rester efter de grufulle myrderier ved Der-ez-Zor i 1915-1916. De andre ben har Eufrat skyllet bort.” Kjelde: Riksarkivet

I dag (24. april 2015) blir hundreårsdagen for folkemordet på armenarane markert. Det er ikkje ukontroversielt å seia dette. Norge er dessverre blant dei landa som foreløpig ikkje vil nytta ordet folkemord (genocide) om tyrkarane sine handlingar mot det armenske folket i 1915 og åra etterpå.

FN definerte ordet folkemord slik i 1948: «Folkemord er handlinger utført med den intensjon å utrydde, helt eller delvis en rase eller en nasjonal, etnisk eller religiøs gruppe som sådan».

Eg fekk interesse for armensk kultur gjennom eit møte med folk i det armenske kvarteret i Jerusalem i 2001. Eg var med på ekskursjon til kvarteret og fekk med meg gudsteneste i Jakobskatedralen, omvisning i museet og i nokre andre delar av kvarteret, – og eit møte med patriarken Torkom Manoogian (1919-2012). Då eg kom heim, las eg romanen De førti dagene på Musa Dagh av Franz Werfel. Boka, som byggjer på historiske hendingar i 1915, gjorde sterkt inntrykk. Du kan lesa meir om boka blant anna på Tore Nedrebø sin blogg og i ein større artikkel på Wikipedia.

Bildet er henta frå bildesamlinga etter den norske misjonæren Bodil Biørn som var utsending blant armenarane då katastrofen braut ut. Samlinga er i dag på Riksarkivet (her).

Aftenposten har i dag ein artikkel om Bodil Biørn og bildesamlinga hennar. Artikkelen har også med noko bakgrunnsstoff om folkemordet:

«Jeg har vært med å se alt det frykteligste som tenkes»
Minst én million mennesker ble drept under folkemordet på armenerne. Et viktig minne er fotografiene etter den norske misjonæren Bodil Biørn.

Generalsekretær Olav Fykse Tveit talte i går på markeringa i Jerevan:

(…) This day is a moment of truth. Let us all use it as an opportunity to build a future together where no people, no group of ethnic or religious identity, or any other common identification, should experience again these kinds of brutality we commemorate today. We need the courage to say “no” to what destroys our dignity. Even more we need the courage to say “yes” to our common humanity. Today the victims of the Armenian genocide call and help us to do so. All Christian churches recently celebrated the resurrection of Christ. In the joyful Easter period, we remember in our prayers the victims of the genocide, participating in the death and resurrection of Christ. In our creeds we confess our hope as the one community of saints, of forgiveness of sins and the resurrection of the dead. Injustice, violence, sin and death will not have the last word. (Les meir)

Sjå også denne relaterte filmen frå Stefanusalliansen:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: