Ny guidebok om tempelhøgda

jerusalem-the-temple-mount-a-carta-field-guide

Denne veka fekk eg tilsendt den rykande ferske guideboka om tempelhøgda i Jerusalem. Eg hadde bestilt boka frå forlaget, slik at eg skulle få den så snart som mogleg. Boka blir omtalt slik:

JERUSALEM—THE TEMPLE MOUNT is the first modern guide  to the Temple Mount for visitors of all religions. (…) The authoritative text of JERUSALEM: THE TEMPLE MOUNT contains priceless information and is richly documented with detailed maps, plans and stunningly evocative reconstructive illustrations. An artistic masterpiece in itself, this important addition to the scant literature on the Temple Mount will be equally appreciated by Jerusalem residents, tourists and armchair travellers.

Eg har så vidt begynt å bla i boka. Ho ser svært interessant ut. Her er mykje informasjon, gode foto og ikkje minst: flotte teikningar i kjent Ritmeyer-stil. Den som vil gjera seg kjent med teikningane hans, kan følga bloggen Ritmeyer Archaeological Design. Eg ser fram til å lesa boka, og ikkje minst til å ha den med meg neste gong eg skal til Jerusalem!

Sist gong eg var oppe på tempelplassen, var på ein studietur i 2013. Då var eg med i ei gruppe som fekk omvisning av ein muslimsk guide, faktisk også inne i Al-Aqsa-moskéen og Klippedomen. Det var ei spesiell oppleving; omvisninga handla bare om islam og muslimsk kulturhistorie, og guiden gav ikkje uttrykk for at han kjente til noko jødisk tempel på staden! Det er i den samanhengen interessant at den forrige guideboka til tempelhøgda, gitt ut av The Supreme Moslim Council i 1925, visstnok tydeleg stadfesta samanhengen tilbake til Salomos tempel (her).

Tempelhøgda er viktig for tre religionar; jødedomen, islam og kristendomen. Her stod Salomos tempel i kongetida (Det gamle testamentet). Her stod Det andre tempelet (Herodes´ tempel) på Jesu tid. Og her var det naturlege sentrum i Jerusalem for Jesus og disiplane, når dei var i byen i samband med dei store høgtidene. I dag er staden prega av muslimsk kultur og arkitektur. Erling Rimehaug skreiv nyleg om staden i Vårt Land, i ein serie om viktige stadar der religionar møter kvarandre: Steiner med hellige spor.

Det er mange kjente bibeltekstar som viser til at Jesus ofte heldt seg på tempelplassen når han var i Jerusalem. Men det er også mange mindre kjente “overgangsavsnitt” som ikkje blir lagt merke til på same måte. Eg skriv dette laurdag før palmesøndag. Derfor tar eg med eit slikt avsnitt som høver godt nå i tida før påske:

Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han. (Joh 11,56-57)

Sjå også tidlegare notat om staden, for eksempel desse: Klippedomen og Vestmuren.

Èitt svar til Ny guidebok om tempelhøgda

  1. […] (Oppdatering 2015: Sjå notatet Ny guidebok om tempelhøgda) […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: