Helsing til kretsmøtet 2015

Kretsårsmøte 22. mars 2015 i Den Norske Israelsmisjon, Stavanger krets

Her er helsinga eg som kretsstyreleiar har skrive til årsmeldinga:

Det er ei glede å kunna invitera til Kretsmøtet 2015. Den Norske Israelsmisjon vil i ord og handling vera med på å bringa evangeliet om Jesus Messias tilbake til det jødiske folket. Samtidig vil me gjerne bidra til større forståing i den kristne kyrkja for at trua har djupe jødiske røter. Dette er eit viktig og interessant arbeid å vera ein del av.

Høgdepunktet for meg i kretsarbeidet i 2014 var kontakten med Bridgebuilders. Konferansen var lokalisert til Strand, og i etterkant var deltakarane gjestar i kyrkjelydar og heimar i Stavanger, Sandnes og på Jæren. Kretsen hadde ikkje direkte ansvar for Bridgebuilders, men me var likevel sterkt involvert i dette viktige arbeidet. Avslutningssamlinga i ei fullsett Bryne kyrkje var ei sterk oppleving og ei av dei største DNI-samlingane i 2014, også om me ser det i eit nasjonalt perspektiv.

Bridgebuilders sitt arbeid for fred og forsoning er viktig for oss i Israelsmisjonen. Deltakarane er blitt utrusta til å vera sendebod for Kristus, – som fredsagentar i nærmiljøet sitt, i Israel og dei palestinske områda og her i Norge.

Det er viktig å følgja med i økonomien i organisasjonen vår. Kretsstyret ønskjer å bidra til at DNI kan arbeida målretta og godt, både utanlands, for eksempel i den spennande nysatsinga i Tel Aviv, og i arbeidet her heime. Det gleder meg at me i 2014 har hatt ei svært god utvikling når det gjeld testamentariske gåver. Det gir all grunn til å vera takknemleg! Samtidig er det urovekkjande at det er ein litt fallande kurve på dei faste personlege inntektene. Dette kan me gjera noko med, kvar på vår plass!

Årsmeldinga viser at det er stor aktivitet og ikkje minst mange dyktige medarbeidarar i kretsen. Kretsstyret har lagt vekt på å vidareføra arbeidet med undervisningssamlingar for ambassadørane og andre medarbeidarar. Me trur at me alle treng stadig påfyll av ny kunnskap og at me gjennom dette kan få eit stadig fornya engasjement for formålet vårt.

Nå har me begynt å sjå framover mot 2016, året då Stavanger krets kan markera sitt 100-års jubileum. Me trur det vil bli eit godt høve til å markera oss her i landsdelen og me håper jubileet vil føra til fornya glede og frimod i tenesta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: