Iskapellet i Alta

Iskapellet, Alta

I dag har eg vore på gudsteneste i eit veldig spesielt kyrkjerom: Iskapellet i Sorrisniva i Alta. Det var ei flott oppleving å koma dit.

Kapellet er ein del av Sorrisniva Igloo Hotel. Kvar vinter blir hotellet og kapellet bygd opp av snø og is, og brukt i nokre månadar før sommaren kjem og alt smeltar bort.

Eg blei mektig imponert av kva dei har fått til. Kapellet er innreia med altar av is, skulpturar av is, søyler av is, veggar og tak av snø. Temperaturen inne er visstnok alltid mellom minus fire og sju gradar.

Eg har funne litt informasjon om staden på nettsida der dei reklamerer for “vinterbryllup”. Sjeldan har vel det ordet passa betre.

BRYLLUP I ISKAPELLET, SORRISNIVA IGLOO HOTEL

Iskapellet ligger i Igloo Hotell, i Sorrisniva, ca 20 km fra Alta lufthavn. Ishotellet og kapellet bygges hvert år. Kapellet er godkjent av Biskopen i Nord-Hålogaland, og det lokale prestekontoret utfører vielser og gudstjenester her.

Iskapellet har en sentral plassering, integrert i ishotellet, men likevel er det en egen enhet klart avskilt fra resten av anlegget. Det er et intimt rom med spesiell akustikk, og som resten av hotellet er det utsmykket med vakre og svært dekorative is skulpturer.

Les meir

Sjå film og bilde frå staden her.

Generelt er eg ikkje så glad i koplinga mellom godkjente vigselsstadar og kommersiell verksemd. Men det at kyrkjelyden har ordinære gudstenester i dette kapellet, slik at staden ikkje blir eit reint vigselskapell, gjer at eg ser saka i eit anna lys.

Kapellet var så spesielt at eg blei veldig opptatt av sjølve rommet og staden. Men då gudstenesta begynte, var det likevel ikkje vanskeleg å vera med som deltakar. Det var ikkje bare rommet som fungerte bra, det gjorde også sjølve gudstenesta! Det var fullt hus, kanskje ca 50 deltakarar. Det var song ved ei gruppe frå Alta Tensing, friluftskonfirmantar som deltok og solid forkynning over søndagens tekst. Altså: heilt etter min smak. Og ikkje nok med det: Overraskande nok var presten ein gammal kjenning av meg (Øyvind Oksavik) frå tida då eg arbeidde i Norges KFUK-KFUM. Eit kjekt gjensyn!

Her er inngangen til hotellet og kapellet:

Iskapellet, Alta

(Oppdatert 16.03.2015)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: