Himmelvandring

Notat til søndagens tekst: Luk 13,22-30

Trygve Berge: Himmelvandring. Måleri 1983

Trygve Berge: Himmelvandring. Måleri 1983

Herre, er det få som blir frelste? Dette spørsmålet var ein gong retta til Jesus. Svaret hans var preiketekst i dag på Bots- og bønnedag. I staden for å svara generelt, taler han eksistensielt til den som spør og seier: Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Samtidig seier han at det skal koma folk frå aust, vest, nord og sør og sitja til bords i Guds rike.

Eg oppfattar at han indirekte seier: Det er mange som skal bli frelst, og dei kjem frå alle kulturar og folkeslag. Samtidig: det er mange overraskingar i vente på Herrens dag! “Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.”

Då faren min blei pensjonist, begynte han å teikna og måla, slik han hadde gjort då han var ung. Han måla mest landskapsmaleri. Men eitt av dei måleria som me i familien har etter han, har han kalt «Himmelvandring».

Her ser me mange menneske på veg mot eit mål. Der framme er døra eller porten til himmelen. Me ser ein engel (eller Jesus?) i lysglansen. Me ser korset som symbolsk er plassert i opninga. Far fortalte meg ein gong at han hadde måla opninga smal sidan han tenkte seg at me trass i trengselen bare kunne koma inn éin om gangen.

For meg var det den gong overraskande at far måla dette motivet. Han (eller mor) har til og med kopla bildet saman med julesongen Nå vandrer fra hver en verdens krok. Denne teksten er limt fast bak på måleriet.

Nå vandrer fra hver en verdens krok
i ånden frem, i ånden frem
et uoverskuelig pilgrimstog
mot Betlehem, mot Betlehem.

Eg tok med fars bilde i preika i Hinna kyrkje i dag. Ofte kan eit bilde seia meir enn mange ord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: