Forfattaren Jonas Berge

Den danske Dukke. Jonas Berge 1908For 100 år sidan var Jonas Berge frå Finnøy ein “ung og lovande” skjønnlitterær forfattar.

Han debuterte i 1908 med boka Kjæresten fra Wärmland. Seinare same år gav han ut Den danske Dukke og i åra som følgde blei det fleire bøker. Men omkring 1914 fekk han trusselbrev frå familien til ei jente han hadde vore trulova med. Familien opplevde at han skreiv om dei og engasjerte advokat i saka. Forfattaren blei så skuffa at han påla seg sjølv å halda framtidige skriveri for seg sjølv. Dette sjølvpålagde løftet heldt han, med få unntak, trass i at han heldt fram med å skriva heile livet.

Jonas Berge (1883-1969) var frå Berge på Finnøy. Han er ein fjern slektning av meg, og det har gjort at eg har samla på bøkene hans. Dei er ikkje lette å få tak i, men eg har gjennom åra funne nokre av dei i forskjellige antikvariat.

Jonas var tremenning til farfaren min, Olaus Berteus. Farfar var sju år yngre og dei to gutane vaks opp på to nabobruk på Berge. Dei må ha kjent til kvarandre, sjølv om eg ikkje kan huska frå oppveksten å ha høyrt om nokon forfattar i slekta. Eg trur eg første gong høyrde om Jonas Berge i 1978 gjennom to kronikkar av Alfred Hauge i Stavanger Aftenblad:

Denne doktoravhandlinga er elles ei underleg sak. Jonas hadde, etter år med fleire uavslutta studium (blant anna teologi), fått godkjent ei avhandling til filologisk embetseksamen på Universitetet i Oslo. Denne same avhandlinga, skriven på nynorsk, fekk han etterpå underleg nok godkjent til ein doktorgrad i filosofi i Wien. Boka blei gitt ut i Kristiania i 1921 og er på 126 små sider.

Den som har skrive mest om Jonas Berge, er lokalhistorikaren Gunnar Skadberg. Han har skrive ein biografi i Ætt og Heim 1995 (Lokalhistorisk årbok for Rogaland).

Elles er Jonas Berge litterært omtalt av i eit lite avsnitt av Anders M. Andersen:

Eit sermerkt og merkeleg innslag i Rogalandslitteraturen er Jonas Berge frå Finnøy. Han fekk prenta ei lita doktoravhandling i Wien på nynorsk om Johan Sigmundstad. Denne Berge karen var elles ein mangskrivar (sic!) med ein produksjon frå Brita Urheim eller Den norrøne Kulturs Seier. Fortælling fra Voss (1910) over soger i Bjørnson-stil til spionforteljingar, kriminalsoger og djerve kjærleikshistorier. På noko eldre dagar sat han og skreiv kolportasjelitteratur og vekebladhistorier ovanpå ein kafe på Kongsberg som kona dreiv. (Frå artikkelen “Rogalandsforfattarar i den norske skjønnlitteraturen” i Frå Vistehola til Ekofisk. Rogaland gjennom tidene. Bind 2, side 445. Universitetsforlaget AS 1987)

Etter nokre omflakkande år med blant anna eit opphald i USA, budde Jonas Berge i Drangedal, Oslo og Hønefoss. Kaféen som Andersen omtaler, låg i følgje Skadberg på Hønefoss.

Her er ei oversikt over bøkene til Jonas Berge, bygd på bibliografien i Skadbergs artikkel:

  • Kjæresten frå Wärmland. Fortælling. Kristiania 1908.
  • Den danske Dukke. Fortælling. Kristiania 1908. 79 sider.
  • Styrk. Fortælling. Kristiania og Kristiansund 1908. 111 sider.
  • Den forsvundne Emigrant. Fortælling. Kristiansund 1909. 175 sider.
  • Brita Urheim eller Den norrøne Kulturs seier. Fortælling fra Voss. Kristiania 1910. 416 sider.
  • Vinterlæsning. Fortællinger. Kristiania 1910. 32 sider.
  • Hvordan Plehwe blev myrdet. De russiske Revolutionæres Attentat. Politispionen Azeffs Dobbeltspil. Efter Hovedmannens Beretning. Særtrykk av føljetong i “Ørebladet”. Kristiania 1911. 40 sider.
  • Kathinka, den lille adelsfrøken. En fortælling fra Øst-Europa. Kristiania 1911. 134 sider.
  • Uden sjæl. En kjærlighetshistorie. 1914.
  • Kakias kjærlighet. En fortælling om forbrydelse og straf. Kristiania 1914. 328 sider.
  • Fortælling. Bergen 1923.
  • Johan Sigmundstad. Ein forfattarprofil. Trykt i Wien, utgitt i Kristiania 1921. 126 sider.

Frå omtale på baksida av boka om Johan Sigmundstad:

Naar undtas avhandlingen og endel digte paa landsmaal, er samtlige hans hittidige böker avfattet paa riksmaal. “Eg er bondegut fraa Ryfylke, men kom ut for riksmaalsfolk og andre rövarar”, svarer han for en räkke aar siden i en skrivelse, hvor han skulde gjöre rede for om han var begge landets officielle sprog mägtig.

Eit søk på antikvariat.net i dag (30.08.2014) gir fleire treff på boka om Johan Sigmundstad. Elles er ikkje nokon av Jonas Berges bøker registrert der.

Relatert stoff: På gjengrodde stier har stoff om forfattarens barnebarn Torkil Berge, men også noko stoff om Jonas Berge.

Eg tar også med bilde av omslagssidene og ei side med dedikasjon frå eit dessverre ganske slite eksemplar av boka Kathinka.

Kathinka. Jonas Berge 1911

Kathinka. Dedikasjon frå forfattaren Jonas Berge
Kathinka. Jonas Berge 1911_0001

3 svar til Forfattaren Jonas Berge

  1. Mathilde seier:

    Har du sett disse? http://www.amazon.co.uk/Jonas-Berge/e/B00MAV746K/ref=sr_ntt_srch_lnk_5?qid=1429994851&sr=8-5

    Ganske morsomt, selv om de bare er trykk opp for å tjene penger.

    Jonas Berge var min oldefar, så antar det gjør deg til min 8-menning.😉

    • Arne Berge seier:

      Det var overraskande å finna bøker av han på Amazon🙂 Og hyggeleg å få ein kommentar frå forfattarens oldebarn! Beste helsing frå ein fjern slektning

  2. […] Forfattaren Jonas Berge […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: