Uluburun-vraket

The Bodrum Museum of Underwater Archaeology

Uluburum-vraket er restane av ein båt som gjekk ned på kysten av dagens Tyrkia for snart 3.500 år sidan. Vraket frå det 14. hundreåret f. Kr. er det største klenodiet på museet i Bodrum; det skal vera det eldste skipsvraket som er undersøkt av arkeologar. Båten var laga av sedertre og den var ca 15 meter lang. Den gjekk i si tid ned, lasta med store mengder gods og handelsvarar. Eit slikt funn seier derfor svært mykje om den tida sitt samfunn.

Eg har vore på ferie i Bodrum i Tyrkia. I tillegg til å ha avslappande sommardagar saman med Inger, har eg sjølvsagt besøkt fleire av dei historiske utstillingane og arkeologiske utgravingane i byen, som er bygd over den gamle greske byen Halikarnassos.

Bildet er frå båthamna i Bodrum. Det marinarkeologiske museet er bygd opp inne i borga som ligg sentralt i byen. Du ser tre av tårna på borga i bakgrunnen.

Bodrum

Borga med museet, og spesielt det svært gamle Uluburun-skipsvraket, var ein av dei to stadane eg på førehand hadde bestemt meg for å oppsøka. Og eg blei ikkje skuffa. Museet har mange og flotte utstillingar. Det er eit av dei ledande musea når det gjeld marin arkeologi. Faktisk blei museet bygd opp parallelt med at denne greina av arkeologien vaks fram som eige fagområde frå ca 1960.

Men tilbake til utstilinga av Uluburun-vraket: den består av ein hall der me ser ein rekonstruksjon av koss båten låg på botnen, i full storleik. Dette ser me ovanfrå, i det perspektivet arkeologane får når dei dykkar (detalj på bildet under). Over dette ser me eit like stort bilde av koss ein ser for seg livet på båten, sett frå sida. Den neste hallen er ei utstilling av eit utval originale gjenstandar som blei funne på og ved båten. Dette er verkeleg imponerande og flotte saker!

Båten var lasta med over 20 tonn med gods og varar frå ulike kulturar rundt Middelhavet og i Midt-Austen. Den store breidda av innhaldet i lasten viser at båten dreiv med det me i dag ville kalla internasjonal handel og frakt. Det er registrert over 18.000 gjenstandar frå båten. Museet antyder at båten kan ha dratt ut frå ei hamn aust i Middelhavet, f eks i Ugarit i Syria eller på Kypros, og at den var på veg til eit ukjent mål i vest.

Arkeologane gjorde over 22.000 dykk i løpet av 11 år (1984-1994)  for å undersøka og heva gjenstandar og vrakdelar. Wikipedia har ei liste over dei viktigaste gjenstandane som blei funne ved vraket her.

Det arkeologiske arbeidet blei utført av Institute of Nautical Archaeology.

Her er eit par bilder frå utstillinga. Det første viser ein detalj frå den rekonstruerte båten slik den låg på botnen. Det andre viser bildet av koss ein ser for seg livet ombord på båten.

Rekonstruksjon av detaljar frå Uluburun-vraket

Frå utstillinga av Uluburun-vraket i Bodrum

Èitt svar til Uluburun-vraket

  1. […] notat: Uluburun-vraket om det marinarkeologiske museet i […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: