Himmelsk fest på fjellet

Notat til søndagens tekst: Jes 25,6-9

Profetteksten frå Jesaia inneheld både ein misjonsdimensjon og ein håpsdimensjon. Teksten skildrar ein himmelsk fest for alle folk.

Profeten seier at festen skal vera på “dette fjellet”, underforstått: på Sion, tempelfjellet i Jerusalem (jfr Jes 24,23). Til denne festen er alle folkeslag invitert. Her blir døden, “den siste fiende”, slukt. Her blir den siste tåre tørka.

Dette er teksten frå Jesaia 25:

6 På dette fjellet
skal Herren over hærskarane
gjera i stand for alle folk
eit festmåltid med feite retter,
eit festmåltid med gammal vin,
med feite, mergfulle retter
og gammal, klåra vin.

7 På dette fjellet skal han sluka
sløret som slører til alle folk,
dekket som dekkjer til alle folkeslag.

8 Han skal sluka døden for evig.
Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet.
Frå heile jorda skal han ta bort
vanæra til folket sitt.
For Herren har tala.

9 Den dagen skal dei seia:
«Sjå, dette er vår Gud!
Vi vona på han, og han frelste oss.
Dette er Herren, vi vona på han.
Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»

Teksten minnar mykje om håpsteksten om “det nye Jerusalem” i Op 21:

Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:
«Sjå, Guds bustad er hos menneska.
 Han skal bu hos dei,
 og dei skal vera hans folk,
og Gud sjølv skal vera hos dei.
 Han skal vera deira Gud.

Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,
og døden skal ikkje vera meir,
og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
For det som ein gong var, er borte.»

Jesaiateksten taler om eit slør. For meg blir dette både eit naturbilde og eit teologisk bilde.

Frå naturens verd minner det meg om tåkehavet som kan liggja over fjellet. Alt blir skjult. Men ingenting er vakrare enn når morgonsola kjem og vinn over tåken.

Teologisk sett blir ordet brukt om det som hindrar oss i å sjå Guds frelse. Paulus brukar ordet i 2. Kor 3,12-18 om det som hindra israelittane i den gamle pakt å sjå og forstå denne frelsa. “Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort.” (2. Kor 3,16). Her hos profeten Jesaia blir dette bildet brukt om alle folkeslag!

Eg tar med eit sitat frå Per Lønning om teksten:

Et gjestebud for alle folkeslag skal holdes der på fjellet. “Fete retter og gammel vin” (v 6) er bilder på bugnende overflod. Ingen er utestengt. Alle jordens folkeslag er innbudt. Bildet gir et rammende inntrykk av hvordan profetens preken både er inklusiv og eksklusiv på en gang. Selv om alle får være med, foregår ikke festen hvor som helst og hvordan som helst. Den er lagt til tempelberget. Det er Herren, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, som innbyr. Og det skjer gjennom den åpenbaring han har betrodd sitt folk Israel å forvalte. Guds nåde er for hvem som helst, men den består såvisst ikke av hva som helst. Det er Gud som er vert, det er han som avgjør tid, sted og bevertning. Han er og blir herren.

Gjestebuds-bildet taler ikke bare om vertens gavmildhet, det peker også på bordfellesskapet som forener gjestene innbyrdes. Hva de forenes om, det viser morgen- og oppklarnings-bildet oss nærmere. Tåkesløret som stengte for utsynet, blir borte. Og tre fiender blir borte med det: døden, gråten og vanæren (v 8). Det er en lengsel og forventning som oppfylles; de som så fram til Guds frigjøringsverk, har ikke gjort det forgjeves (v 9).

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: