Guds hender som rører ved oss

Notat til søndagens tekst: Joh 15,26-27

Denne søndagen som kjem mellom Kristi Himmelfartsdag og pinsedag, viser fram mot pinsehøgtida. Jesu løfte om Den heilage ande er sentralt i preiketeksten, og samtidig dreier det seg om disiplane si vitneteneste.

Tekstane for dagen

Hag 2, 3-9 er oppmuntrande ord til leiaren Serubabel, øvstepresten Josva og til heile folket då dei skulle gjenreisa tempelet i Jerusalem på 500-talet f. Kr. Dei skal få styrke i ei krevjande tid, fordi Herren sjølv er med dei.

Apg 1, 12-14 handlar direkte om ventetida for dei Jesustruande i Jerusalem mellom Kristi Himmelfart og pinse. Dei hadde ein samlingsstad, og dei heldt trufast saman i bøn. Obs: Jesu brør hadde nå blitt med i flokken (Kva tid skjedde det? Var det etter oppstoda, då Jesus blant anna viste seg for sin bror Jakob ifølgje 1 Kor 15, 7?).

1 Pet 4,7-11 er ei formaning til dei Jesustruande adressatane (og til oss) med oppfordring til inderleg kjærleik og gjensidig teneste. For ”Enden på alle ting er nær”.

Preiketeksten Joh 15,26-27 er eitt av dei avsnitta i Joh 14-16 der Jesus omtaler Den heilage ande som Talsmannen (Joh 14,16 ff / 14,26 / 15,26 f / 16,7 ff).

Talsmannen skal vitna

Det greske ordet som er omsett med Talsmannen, er ho paraklætos. Ordet betyr ein hjelpar, eller meir nøyaktig: Ein som blir tilkalla for å hjelpa. Ordet har ein språkleg samanheng med ordet advokat, men den bibelske bruken går langt ut over vår tankegang om ei advokatteneste. I Joh får ordet ei utvida betydning med å læra, trøysta, minna om, tolka og forklara Jesu ord (Øystein I. Larsen i Luthersk Kirketidende 2013, side 253, til Joh 14, 23 ff).

Vår tekst fokuserer spesielt på at Talsmannen skal vitna om Jesus og på at disiplane også skal vera vitne. Det å vitna om Jesus er sentralt i heile Johannesevangeliet. Bibel 2011 gir grunnleggjande innføring i dette i fotnoten til Joh 1, 19 og i ordforklaringa til omgrepet ”vitne”.

Nyleg avdøde Hans Kvalbein er kanskje den som tydelegast sette heile Johannesevangeliet inn i ein rettssamanheng. Han meinte at evangeliet like gjerne kunne vore kalla Vitnesbyrdet etter Johannes. Han peikte på at evangeliet inneheldt ei uavslutta rettssak (Ung Teologi 1/1982 s 83 ff). Han plasserte vitneomgrepet (martyreo/martyria) inn i ein rettssamanheng, slik forkynning (kerygma/evangelion) høyrer heime på marknadsplassen og lære (didache) høyrer heime i skule- og oppsedingssamanheng. Han meinte at me best les Joh når me ser det som vitneutsegn der ulike vitne får koma til orde og tala om kven Jesus er. Det første vitnet i evangeliet er Døyparen Johannes. Så er det vidare mange ulike stemmer som vitnar om Jesus. Mot slutten av evangeliet kjem tekstar som seier at Talsmannen i framtida skal halda fram med å vitna om Jesus. Og at disiplane skal vitna saman med han. ”Rettssaka” er altså uavslutta.

Kvalbein peikte også på at dette juridiske perspektivet har røter tilbake til GT. Éin del av denne gamaltestamentlege bakgrunnen finn me hos Deuterojesaia (Jes 40 ff). Eit eksempel: I Jes 43, 9-11 fører Gud sak mot heidningefolka og deira avgudar. Avgudane blir bedne om å føra fram vitne for sin eksistens, men dei kan ikkje. Teksten bruker vidare ord som svarer til viktige omgrep i Joh: Kjenna meg / tru på meg / skjøna at eg er Han.

Disiplane skal òg vitna

Preiketeksten (v 27) seier at også disiplane skal vitna om Jesus. Dette blir knytt til deira augevitne-funksjon; dei har vore saman med Jesus ”frå første stund”. Men dette kan ikkje lesast lausrive frå samanhengen med Talsmannen sitt vitnesbyrd; han verkar gjennom disiplane når dei vitnar om det dei har opplevd saman med Jesus.

Dette blir tydeleg når me ser vers 27 i samanheng med dei andre tekstane om Talsmannen / Sanningsanden i Joh 14-16. Talsmannen skal læra disiplane ”alt” og minna dei om Jesu ord (14, 26). Han skal leia dei fram til heile sanninga, herleggjera Jesus og forkynna for disiplane (16, 13-15). Alt dette vil vera spela med når disiplane skal vitna om Jesus.

Me òg skal vitna

Talsmannen si vitneteneste er ikkje slutt med den første generasjon av Jesustruande disiplar. Nå er det vår generasjon som ikkje er att som foreldrelause born. Nå er det me som er kalla til å vera disiplar og som kan gleda oss over Talsmannens nærvere mellom oss.

Vårt vitnesbyrd er ikkje knytt til det å vera augevitne til Jesu liv, død og oppstode. Men me har Ordet frå den første generasjon vitne, og me har erfaringa av at Jesus er nær, også i vår tid.

Når me skal forkynne om vitneteneste i vår tid, kan det vera nyttig å reflektera omkring kven som har vore viktige vitne for oss sjølve, for eksempel i oppveksten. For min eigen del vil eg seia at mora mi og andre i den nære familien lenge var svært viktige vitne. Og i tenåringstida var nokre andre ungdomar, som berre var litt eldre enn meg sjølv, også viktige vitne. Eg tenkjer at ein slik refleksjon får det å vera vitne om Jesus, ned på eit ”overkommeleg” nivå. Dette er for vanlege menneske, nettopp fordi me trur at Talsmannen er verksam, også i vår tid.

Nærvere

Forkynninga denne søndagen skal peika fram mot pinsehøgtida. Me skal forkynna at Gud er midt i blant oss, ved Den heilage ande. Men fokus skal likevel ikkje vera på Anden. Det er Jesus som er sentrum for evangeliet, også i pinsen. ”Eg er med dykk alle dagar så lenge verda står” (Matt 28,20). Det er ikkje nokon motsetnad mellom løfta hos Matt og Joh. Trua på den treenige Gud har nettopp einskapen i Gud som poeng. Gud er Far, Son og Ande.

Kanskje det er mogleg å bruka eit slikt bilete: Jesus og talsmannen Den heilage ande er nå Guds to hender blant oss. Med desse kjem han til oss og rører ved oss.

Dette kan me forkynna som ein del av pinsebodskapen. Bodskapen om Talsmannen opnar for Jesus, den lukkar ikkje. Det gode evangeliet om Talsmannen som er hos oss, gir oss alle ein god grunn til å søkja Gud og dei kjeldene som finst i trua på Jesus (Joh 7, 37-39).

Dette notatet er skrive for Den Norske Israelsmisjon sin preikeverkstad til søndag før pinse 2014.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: