Helsing til kretsmøtet 2014

Kretsårsmøte 6. april 2014 i Israelsmisjonen, Stavanger krets

Her er helsinga eg som kretsstyreleiar har skrive til årsmeldinga:

Israelsmisjonen sitt kretsstyre er samansett av representantar frå ulike delar av kretsen. Me har ulik erfaring og bakgrunn i arbeidet i organisasjonen. Men me samlest om felles mål og me har gode relasjonar til kvarandre. Eg opplever rett og slett at det er kjekt å vera på møte i kretsstyret! Det er derfor ei glede å kunna invitera til Kretsmøtet 2014.

Israelsmisjonen er først og fremst ein misjonsorganisasjon. Me ønskjer å dela evangeliet om Jesus med det jødiske folket. Me vil vera ein del av Guds misjon i verda. Og me vil arbeida for auka kjennskap til trua sine jødiske røter i kyrkja.

Me ønskjer å gå inn i framtida med nye ressursar og ny inspirasjon, og satsar derfor nå målretta på å styrka den frivillige tenesta i organisasjonen. Dette gjer me gjennom ambassadørtankegangen. I haust var mange av ambassadørane samla til festkveld i Stavanger. Og nå i vinter har me hatt undervisningskveldar for å få påfyll til tenesta. Nokre av ambassadørane har til og med deltatt på ”VIP-tur” til Israel! Kretsstyret satsar på at denne gruppa av frivillige medarbeidarar, og ikkje minst variasjonen i oppgåver me er engasjert i, vil veksa vidare i løpet av det komande året. ”Tenester er mange, Anden er ein, Jesu Kristi Ande” står det i ein av dei nye salmane (Norsk Salmebok 2013 nr 537).

Samtidig som me gjerne vil framheva den frivillige tenesta, vil me uttrykkja glede over den tenesta misjonssekretæren utfører i og for kretsen. Paul Odland har oversikt, overskot og masse kunnskap som han raust delar med oss andre. Det set me stor pris på!

Nå i 2014 gleder me oss over å ha utsendingar frå kretsen i Israel; Signe og Peder Idland frå Jåttå i Stavanger arbeider for tida eit halvt år som frivillige medarbeidarar på Ebeneser-heimen i Haifa.

Og me gleder oss til Bridgebuilders 2014-2015 som vil ha sin norske base lokalisert her i kretsen. Arbeidet for fred og forsoning er viktig for oss i Israelsmisjonen. Me håper og trur at deltakarane vil bli utrusta til å vera sendebod for Kristus, – som fredsagentar i nærmiljøet sitt, i Israel og dei palestinske områda og her i Norge.

Kretsårsmøtet er på Moi. Me vil delta på gudstenester i tre kyrkjer i distriktet, – og har deretter middag, årsmøte og Messiasfest i Lund Menighetssenter. Sjå omtale av møtet på Israelsmisjonen si nettside.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: