Den blinde ved Jeriko

Notat til søndagens tekst: Lukas 18,35-43

Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga. Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på. Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.» Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han: «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet att!» svara han. Jesus sa til han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg.» Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.

Teksten har parallellar i Matt 20,29-34 og Mark 10,46-52. Matteus fortel at det er to blinde menn. Markus fortel at den blinde heiter Bartimeus. Både Matt og Mark fortel at dei/den blinde sat ved vegen der Jesus gjekk ut frå byen, mens Lukas let dette skje mens Jesus var på veg inn i byen.

Kenneth E. Bailey peiker i boka Jesus Through Middle Eastern Eyes (s 170) på at tekstavsnittet 18,35 – 19,11 utgjer ei naturleg eining med Jesu besøk i Jeriko som geografisk ramme. Kapittel-inndelinga er mykje yngre enn grunnteksten. Bailey let så Fork 4,1 vera bakgrunn for refleksjon om dette tekstavsnittet. I den første delen (18,35-43) helbredar Jesus ein undertrykt tiggar. I den andre delen (19,1-11) viser Jesus kjærleik til ein undertrykkjar.

Igjen såg eg alle dei undertrykte,
dei som lid urett under sola.
Sjå, tårene rann på dei undertrykte,
og det var ingen som trøysta dei.
Handa til undertrykkjarane slo dei,
og det var ingen som trøysta dei. (Fork 4,1)

Bailey strukturerer tekstavsnittet vårt slik: Tekstavsnittet har ei innleiing (v 35) og ein konklusjon (v 43b). Mellom desse blir tiggaren først involvert i ein dialog med folket (v 36-39) og så med Jesus (v 40-43a).

Bailey peiker vidare på ein kristologisk progresjon i teksten:

  • Folket: Jesus frå Nasaret (v 37)
  • Tiggaren: Jesus, du Davids son (v 38)
  • Tiggaren: Du Davids son (v 39)
  • Tiggaren: Herre (v 41)
  • Folket: Lovprising av Gud – for å ha helbreda tiggaren (v 43)

Jesus, du Davids Son, miskunna deg over meg

Den blinde sitt rop til Jesus inneheld både ei viktig messiansk utsegn og den bøna som sidan har blitt kjent som Jesusbøna og som det liturgiske ropet Kriste eleison.

Tanken på Messias som Davids son, går tilbake til Natanløftet i 2. Sam 7. Dette var ein viktig del av Messiasforventninga på Jesu tid, jfr Matt 22,42 og Mark 12,35. Det var viktig for dei Jesustruande jødane i det første hundreåret å presentera Jesus som Davids son, jfr  Matt 1,1. Dette er også eit poeng i barndomsforteljingane hos Lukas, jfr Luk 1,27; 1,32 og 2,4. Begge dei to ættetavlene til Jesus fører slekta hans (via ulike greiner av Davidsætta) tilbake til kong David (Matt 1,6 og Luk 3,31).

Kva vil du eg skal gjera for deg?

Olav Skjevesland peiker på korleis dette spørsmålet viser oss Jesu respektfulle haldning i møte med tiggaren. Han skriv at det ligg minst to viktige poeng i spørjemåten. ”(1) Jesus vil, av respekt for mannen, at han selv, uten intervenerende overstyring, får uttrykke sitt ønske. (2) Jesus vil gi mannen mulighet til å uttrykke sin tro. Mannen tiltaler da Jesus som Herre / kyrie.” (…) Respektfullt går Jesus inn i en menneskeskjebne. Han utløser tro, helbredelse og lovprisning. Og trolig også etterfølgelse!” (Skjevesland: Den gode jord. Verbum 2013. Side 72 ff)

Alt folket

Teksten konkluderer med at alt folket som såg underet, prisa Gud. Jesu verksemd skjedde i ein jødisk kontekst. Det er derfor naturleg å tenkja seg at ”alt folket” (gresk: pas ho laos, hebraisk: kol ha’am) vil seia det jødiske folket og at det i fleire samanhengar var stor oppslutnad om Jesus blant vanlege folk, jfr ”ei glede for heile folket” (Luk 2,10). Men me skal ikkje sjå bort frå at Jesus raskt også gjorde seg upopulær blant mange i Jeriko ved at han tok inn hos ein av undertrykkjarane (Sakkeus).

Til preika

Jesus kan hjelpa oss når me er i naud. Han er Den gode. Han er Den som har makt til å gjera under. Han er Herren, vår lege (jfr 2. Mos 15,26). Men korleis forkynna dette på ein rett og sann måte, når det som gir oss håp, også gir grunn til smerte for mange menneske? Forkynning over Jesu under bør også ha med eit sjelesørgerisk sikte som tar med opplevinga til dei mange som ropar og ber om hjelp. Det er mange som lid, anten på grunn av fattigdom eller helseproblem eller andre ting, og som ikkje opplever at dei får så direkte og konkret hjelp av Jesus.

Slik er det i Bibelen òg. Ikkje alle blinde og fattige i Jeriko eller Jerusalem fekk hjelp. Éin tråd å ta tak i, kan vera evangelisten Johannes si vektlegging av Jesu under som teikn. Dette kan vera eit nyttig perspektiv sjølv om me denne søndagen forkynner over ein synoptisk tekst. Me kan blant anna peika på at Jesus viste oss noko om himmelen då han gav Bartimeus synet. Jesus viste Bartimeus og heile Jeriko (og oss!) korleis Bartimeus ein dag skal få ein heilt ny kropp (med nye auge) i det evige livet hos Gud. Då skal alt vera i orden. Derfor kan trua på Jesus gje oss håp, både for dette livet og for det evige livet.

Dette notatet er skrive for Den Norske Israelsmisjon sin preikeverkstad (4. søndag i openberringstida 2014), og er her på bloggen gjengitt i ein lett bearbeidd versjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: