Mariapilegrim i Jerusalem

Eg sit på Oljeberget og ser utover Jerusalem. Det er fint å vera her og å oppleva alle dei heilage stadane. Samtidig så urimeleg gale at byen er prega av ufred og rivaliserande grupper og folkeslag. Her på Oljeberget gret Jesus over byen og sa: ”Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred!”

Eg reiser meg og går ned bakkane til Getsemane. Der har eg ei stille stund i hagen med gamle oliventre. Så går eg ned i Marias grav, eit stort krossforma gravkammer opplyst av utallige oljelampar. Her i botnen av Kedrondalen trur dei ortodokse kristne at Maria blei lagt, før ho blei tatt opp til himmelen.

Vidare går eg opp på andre sida av dalen og inn i Gamlebyen. Der følger eg Via Dolorosa, andaktsvegen som fører fram til Gravkyrkja. Eg vil knela på Golgata og ved Jesu grav. Vegen er bygd opp omkring fjorten stasjonar. Plutseleg er det som om eg er der, på Jesu tid. Ved fjerde stasjon møter han mora si. Blikka deira møtest. Ho er full av sorg og gret høgt. Ho greier bare så vidt å bli med i følgjet på veg ut av byen til Golgata.

Nei, nå er eg tilbake i vår tid. Eg er ein moderne pilegrim, slett ikkje ein samtidig av Jesus. Men i tankane var eg visst der ein augeblink…

Dette er den siste av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehemKairo, Kana og Jerusalem.

4 svar til Mariapilegrim i Jerusalem

  1. […] Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. […]

  2. […] Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. […]

  3. […] Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. […]

  4. […] Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: