Mariapilegrim i Kana

Eg må passa meg for trafikken mens eg leitar etter bydelen der kyrkjene ligg. Kana er ein arabisk by. Dei fleste innbyggjarane er muslimar. Men her bur òg nokre tusen kristne arabarar som er svært stolte av bibelforteljinga om at Jesus gjorde vatn til vin i Kana.

Eg går og tenkjer på at denne bibelteksten er viktig for den katolske læra om Maria. For teksten viser kva som er Maria si hovudoppgåve; å peika på Jesus. Ho ber folket gjera som han seier. Det er kanskje ikkje så underleg at det her i den kristne bydelen er skulpturar og bilete av Maria overalt.

Kyrkjetenaren i den katolske kyrkja viser meir enn gjerne fram kyrkja si. Den står der underet skal ha skjedd. Eg får sjå steinkar og ei altartavle med bilete av Jesus som bryllaupsgjest.

Han fortel at det denne helga var ti bryllaup i kyrkja. Folk kjem langvegsfrå for å gifta seg her. Det er også mange ektepar som kjem hit for å fornya ekteskapsløfta sine. Kva er då meir naturleg for meg som pilegrim i Kana, enn å ta inn på Cana Wedding Guest House? Om kvelden sit eg mellom Mariabilete under eit sitrontre i hagen med eit glas Cana Wedding Wine.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

4 svar til Mariapilegrim i Kana

  1. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

  2. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

  3. […] Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. […]

  4. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: