Mariapilegrim i Kairo

Eg har reist med metro’en langt sør i Kairo, og sit nå i kyrkja i Ma’adi ved breidda av Nilen. Kyrkja og klosteret her er vigd til Jomfru Maria. Eit par ungdomar kjem til kyrkja samtidig meg meg. Dei går inn i kyrkjerommet, knelar og ber.

Eg går inn i sidekapellet som er vigd til Maria-tradisjonen. Ein mann gir meg høfleg beskjed om at her må eg ta av skoa. På veggen er det eit stort Maria-ikon og eit kart over ruta den heilage familien følgde då dei var på flukt. Frå Betlehem, gjennom Gaza og Sinai, på kryss og tvers i Nildeltaet og langt sør til Øvre Egypt. ”Dei var i Egypt i tre og eit halvt år”, fortel mannen meg. ”Landet vårt var ein trygg tilfluktsstad for Maria og barnet”, seier han og smilar. Koptarane er stolte av at Jesus var i Egypt som barn.

Tradisjonen fortel at den heilage familien kom hit til Ma’adi og reiste vidare sørover på Nilen med båt. Utanfor kyrkja er det ei overbygd trapp som går ned til elva. Familien skal ha brukt den då dei gjekk om bord. Trappa er framheva og tatt godt vare på. Den er i dag nærast bygd inn i ein eigen bygning.

Eg sit og suger til meg inntrykka og blir opptatt av eit moderne ikon av den heilage familien. Maria sit sidelengs over eselryggen. Ho held barnet med begge hendene sine. Josef går bak eselet og held bagasjen dei har med seg. Det er som om Maria sit og ser på meg …

Så vidt eg forstår er dessverre kyrkja i Ma’adi ei av dei mange kyrkjene som er vandaliserte det siste året (2013) i den urolege situasjonen i Egypt. Teksten er skriven med utgangspunkt i besøk på staden i 2008.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

4 svar til Mariapilegrim i Kairo

  1. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem (dei resterande blir lagt ut i løpet av dei næraste […]

  2. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

  3. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

  4. […] Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: