Mariapilegrim i Betlehem

Eg har kome gjennom den israelske muren og er inne på dei palestinske områda. For meg som moderne pilegrim og utlending, er det ikkje noko problem å passera checkpointen. Men for lokalbefolkninga er dette vanskeleg, på mange måtar. Ein taxi tar meg vidare til sentrum i Betlehem. Ein kort tur med mykje tut og køyr.

På Krybbeplassen gløymer eg trafikken, her er det Fødselskyrkja som dominerer. Den låge døropninga fordrar at eg bøyer meg når eg vil inn. Frå utsida liknar kyrkja mest av alt på ei borg. Inne blir eg slått av kor vakkert det gamle kyrkjerommet er.

Eg har vore her før og har opplevd både trengsel og stille i kyrkja. I dag er eg heldig, – det er få andre her akkurat nå. Eg går derfor rett bort til trappa ned til Fødselsgrotta under hovudaltaret.

Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est. Her blei Jesus Kristus født av Jomfru Maria. Det står på sølvstjerna som er felt ned i golvet. Grotta er ein stad for undring og tilbeding. ”Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt”. Eg nynnar på ein julesong og kneler ved stjerna som i følgje tradisjonen markerer fødestaden.

Blei Jesus født i ei grotte eller eit hus? Eg veit ikkje. Det eg veit, er at han ikkje blei født i ein norsk stall.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehemKairoKana og Jerusalem.

4 svar til Mariapilegrim i Betlehem

  1. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem (dei resterande blir lagt ut i løpet av dei næraste […]

  2. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem (dei resterande blir lagt ut i løpet av dei næraste […]

  3. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

  4. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: