Tekstar til den sjuarma lysestaken

den-sjuarma-lysestaken-2Eg legg her ut eit opplegg for tenning av sjuarma lysestake i adventstida. I kristen tradisjon er dette ei handling som framhever vår tru på at Jesus er den Messias som var lova.

Dette er eit opplegg med lesing av ein profeti for kvart lys og med eit salmevers etter kvar tekst. Eg har i fleire år brukt dette i lysmesse i samarbeid med ei speidargruppe.

(Les meir om den sjuarma lysestaken her.)

Innleiing
Nå er det advent. Me førebur feiringa av at Jesus kom til jorda. Lenge før det skjedde, blei det forutsagt at Jesus skulle bli født. Mens lysa i den sjuarma lysestaken blir tente, skal me lesa nokre av profetiane om Jesus, han som er lyset for verda.

Tekstlesar 1:

Allereie i dei første bøkene i Bibelen les me om kongen som skal koma. Det står skrive i 4. Mosebok:

Så seier han som høyrer høyrer Guds utsegn,
som får kjenna kunnskapen frå Den høgste
og sjå syn frå Den veldige,
som sig saman, men med opna auge:
Eg ser han, men ikkje no,
eg skodar han, men ikkje nær.
Ei stjerne stig opp or Jakob,
ein kongsstav lyfter seg frå Israel. (4. Mos 24,16-17a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 1 / første lys blir tent

Tekstlesar 2:

Og i Salmane står det skrive:

Alle kongar skal kasta seg ned for han,
alle folkeslag skal tena han.
Han bergar ein fattig som ropar,
ein stakkar som ingen hjelper.
Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola er til! (Sal 72,11-12 + 17a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 2 / andre lys blir tent

Tekstlesar 3:

Det står skrive hos profeten Jesaia:
Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. (Jes 7, 14)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 3 / tredje lys blir tent

Tekstlesar 4:

Profeten Jesaia held fram slik:

Det folket som går i mørkret,
ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land,
strålar lyset fram.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar, Veldig Gud,
Evig far, Fredsfyrste. (Jes 9, 2+6)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 4 / fjerde lys blir tent

Tekstlesar 5:

Det står skrive hos profeten Mika:

Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.
Og han skal vera fred. (Mika 5,1+4a)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 5 / femte lys blir tent

Tekstlesar 6:

Det står skrive hos profeten Sakarja:
Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole. (Sak 9,9)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 6 / sjette lys blir tent

Tekstlesar 7:

Dette heilage evangeliet står skrive i evangeliet etter Lukas:
Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» (Luk 1,26-33)

Salmevers: Folkefrelsar til oss kom, vers 7 / sjuande lys blir tent

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: