Mariapilegrim i Nasaret

Klokkespelet spelar og vinden svalar i den varme lufta i Nasaret. Det er kveld og den siste turistbussen har køyrt. Eg ruslar opp bakken til den store Bodskapskyrkja. Vakta forstår at eg kjem for å vera stille, så eg får sleppa inn. Offisielt er kyrkja stengt etter klokka seks.

Me er bare nokre få menneske i kyrkja. Lokale kristne og tilreisande pilegrimar. Me samlar oss rundt grotta under kyrkja. Her skjedde det. Her skal engelen Gabriel ha vist seg for Maria. Det stod over kyrkjedøra der eg gjekk inn: Verbum caro factum est et habitavit in nobis. Ordet blei menneske og tok bustad mellom oss.

Nokre les. Andre ber. Tankane mine flyr. Endeleg er eg her. Eg samlar tankane mine i takk og bøn.

Eg tenkjer også på alle bileta av Maria og Jesusbarnet i kyrkja over grotta. Her er det ei stor samling med slike bilete frå heile verda. Og det underlege er at Maria og Jesus blir teikna heilt forskjellig i ulike kulturar. Her er asiatiske, europeiske og afrikanske Maria’er og Jesusbarn. For ikkje å snakka om alle dei latinamerikanske. Sanneleg: Han blei ein av oss. Og Maria var mora hans.

Dette er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i Marias fotspor. Dei er skrivne på bakgrunn av eigne reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem. 

Sjå tekstane om Mariapilegrimen her: NasaretBetlehemKairoKana og Jerusalem.

4 svar til Mariapilegrim i Nasaret

  1. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem (dei resterande blir lagt ut i løpet av dei næraste […]

  2. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem (dei resterande blir lagt ut i løpet av dei næraste […]

  3. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem (dei resterande blir lagt ut i løpet av dei næraste […]

  4. […] tekstane om Mariapilegrimen her: Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: