Ny salmebok

salmebok_2013_menighetsutg3Eg har nå kjøpt Norsk salmebok 2013. Dette har eg sett fram til. Ei ny salmebok er ei viktig hending, både i kyrkjeleg og litterært perspektiv. Boka har undertittel For kyrkje og heim. Eg kjem garantert til å bruka den både i kyrkja og i heimen, – og her på bloggen.

Salmeboka er eit smykkeskrin, skriv Åge Haavik i Kyrkjerådet (her). Det er ei fin formulering.

I salmane møter vi Evangeliet i heile sin rikdom, lagt til rette i kunstnarleg form. Den bibelske bodskapen i alle sine fasettar er samla i ein einskap av to kunstverk; eit dikt og ein komposisjon.

Salmane har vorte til der bodskapen og livserfaringane møtest. Gjennom tre tusenår med salmesong har det skifta kva ein har festa seg ved og vektlagt av det rike innhaldet i Bibelen – nett som ein vakker og verdfull stein kan verta slipt og forma i ei mengd av fasettar. Dei litterære formene og den musikalske stilen har òg utvikla seg gjennom hundreåra. Salmane ber difor med seg eit avtrykk av tida og staden som skapte dei.

Dei mange namna og årstala i salmeboka ber vitnemål om menneske i ulike tider og med ulike lagnader. Det mest verdfulle frå alle tidsaldrar er gjeve vidare til oss. Salmeboka er difor den rikaste kjelda vi har til teologi og trushistorie frå ulike tider. Samstundes er ho ei makelaus kulturhistorie i konsentrert form. Salmeboka er eit smykkeskrin.

Eg har såvidt begynt å gjera meg kjent med boka. Den  inneheld ca 1000 nummererte salmar. Av desse er visstnok 240 nye. I tillegg inneheld normalutgåva bønebok, katekisme, liturgiar og ulike register.

Eg vil i kveld peika på éin av dei nye salmane: Som toner i en evig sang (nr 395). Dette er faktisk ein tekst som er gjendikta frå Dødehavsrullane. Kvart vers sluttar med orda Mine lepper spiller fløyte, Gud, etter dine noteblad.

Tidlegare i haust stod eg og song denne salmen i Qumran, staden der Dødehavsrullane blei funne.

Her er litt bakgrunnsstoff:

Funnet av de såkalla Dødehavsrullane (1947) var ei epokegjerande historisk hending. Desse tekstane er under utforsking av ei utvald gruppe forskarar frå fleire land. Ein av desse er den norske teologen Torleif Elgvin. I boka Mine lepper spiller fløyte (2003) har han presentert norsk omsetjing av eit utval av tekstar frå Qumran, tekstar som har ein særleg poetisk kvalitet.

Prost Tore Kopperud, som var leiar av Salmebokutvalet, fekk då den ideen at noko av dette skulle lyda i vår salmesong òg. Nokre av salmediktarane våre vart utfordra til å freista å gje tekstane syngjeleg form. Sven Aasmundtveit valde teksten som har gjeve boka tittel, og ga han ei form som gjer at ein kan syngja han til ein irsk folkemelodi.

Som toner i en evig sang er truleg den første «Qumran-songen» i ei offisiell kyrkjeleg salmebok.

Tekst med noter (pdf)

(frå kirken.no: Smaksprøver fra N13)

Èitt svar til Ny salmebok

  1. Berit M. Andrrsen seier:

    God søndag , Arne! Takk for bloggen din. Du er flink å få frem interessant stoff i en kort form! Fint å bli gjort oppmerksom på denne Qumransangen, et utrolig vakkert refreng! Synd at vi ikke har Bok og Media butikk her i Bergen lenger. Tungvint å få skaffet seg nytt kirkestoff når alt skal bestilles og hentes på post. Men må nok få tak i denne salmeboken.
    Hilsen Berit (M. Andersen)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: