Inspirert av Frida Hansen

Sissel Ruud. Grafikk.Sissel Ruud, dotter mi, har ei viktig og interessant kunstutstilling i Stavanger i perioden 3.-26. oktober 2013. Eg gir gjerne mi anbefaling!

Utstillinga inneheld grafikk og collage inspirert av tekstilkunsten til Frida Hansen (1855-1931), som for 100 år sidan var ein internasjonalt anerkjent Stavangerkunstnar. Bildet over er grafikk inspirert av teppa Melkeveien (1898) og Libellernes dans (1901).

Slik er altså Sissel med og løftar fram relativt ukjent lokal kulturhistorie, samtidig som ho presenterer sin eigen kunst. Ho har fått kulturstipend frå Rogaland fylkeskommune i samband med dette prosjektet.

Utstillinga skal vera i Frida Hansens hus i Frida Hansens vei i Stavanger! Sjå meir info om utstillinga på facebook her. Sjå Sissel si nettside her.

Frida Hansen fekk sitt internasjonale gjennombrot på Verdsutstillinga i Paris i 1900. Her fekk ho gullmedalje for teppet Melkeveien. Ho la stor vekt på fargebruken i arbeida sine. I eit intervju i 1907 sa ho:

Formen er hos mig først og fremst Midlet til at bringe Farverne frem. Farverne er som Solen i min Kunst. Derfor maa Formen ofte inordne sig for at skaffe tilveie de Farver, som jeg absolut vil have i en Samling”.

Norsk Biografisk Leksikon skriv om Frida Hansen at …

alle hennes hovedverk havnet i utlandet, blant dem også Melkeveien, som ble solgt til Museum für Kunst und Gewerbe i Hamburg under verdensutstillingen i Paris 1900. På denne utstillingen stilte DNB (Det norske Billedvæveri) og Frida Hansen med en stor kolleksjon av billedtepper, transparente portierer og dekorative arbeider. Hovedverkene var de to 7 meter lange teppene De fem kloge og de fem daarlige jomfruer og Salomes dans. Begge tepper har motiv hentet fra tradisjonelle norske billedtepper, men er utført i et moderne formspråk med referanser både til art nouveau og engelsk prerafaelisme. Responsen var meget positiv, og det ble betydelige innkjøp til viktige europeiske museer og private. (Les meir)

Eg merkar meg med interesse at Frida Hansen i fleire store arbeid brukar bibelske motiv. Melkeveien inneheld hebraisk tekst frå Første Mosebok 1,15. Og begge dei to store hovudverka på Verdsutstillinga i 1900 hadde bibelske titlar, sjølv om Norsk Biografisk Leksikon legg større vekt på at motiva er henta frå “tradisjonelle norske billedtepper”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: