Barnetru og vaksentru

Barnetru er eit fint ord. Mange er glad i dette ordet. Eg syns det er flott når nokon seier at dei har behalde barnetrua si. Likevel trur eg det er rett at me tenkjer gjennom kva som ligg i dette.

Jesus framheva dei små barna. Han sa ein gong:

Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det. (Mark 10,15)

Derfor er ”barnetru” eit hedersord som me gjerne skal halda fast på. Det dreier seg om å ha tillit til Gud, og ta imot hans gode gåver med ope sinn. Slik bare eit barn kan gjera det.

Likevel er det viktig at trua vår får bli meir mogen etter kvart som me veks i mogning som menneske. Det er ikkje slik at tru er noko som passar for barn og at tenking er noko som passar for vaksne. Det nye testamentet er opptatt av koss me kan veksa i mogning som kristne. Gudstru og sjølvstendig tenking bør absolutt kombinerast når me veks som menneske og som kristne.

Paulus skriv:

Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev, så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. (Kol 1,9-10)

Dette har eg tenkt mykje på i samband med konfirmasjonen. Eg ønskjer at konfirmantane våre held fast på ei trygg barnetru, når det gjeld det å halda fast på Guds gåver som dei fekk i dåpen. Samtidig ønskjer eg at dei får veksa i kjennskap til Gud og slik får utvikla seg som kristne parallelt med at dei utviklar seg som ungdomar og unge vaksne. Elles er eg redd dei ein dag oppdagar at dei har vakse frå trua si og tenkjer på trua som noko barnsleg.

Dette gjeld sanneleg oss vaksne også. Den kristne trua er like aktuell og viktig i eit vaksenliv som den er for barna. Trua toler å møta livets utfordringar. Den toler å leva saman med kritisk og sjølvstendig tenking. Og den utfordrar til å ta ansvar i samfunnet.

Jesus seier at han er vegen, og at livet er å vera undervegs. Parallelt med vår ytre livsveg er me alltid òg undervegs på ei indre reise. Me utviklar oss, tar imot inntrykk undervegs, og me er på veg mot eit mål. Der Jesus er, er det alltid nye muligheiter. Derfor er det viktig at trua vår får utvikla seg naturleg i takt med den menneskelege utviklinga.

Slik kan trua vår både vera ei barnetru som tillitsfullt tar imot Guds gåver og ei vaksentru som gir ein grunnleggjande ballast i møte med alt det livet inneheld.

Dette notatet blei først trykt i Kirkehilsen nr 3/2013, menighetsbladet som i desse dagar kjem i postkassene i bydelen. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: