Om rabbinsk jødedom

Rabbinsk jødedom er den jødedomen som vaks fram etter tempelets fall i år 70. Frå kristen synsvinkel kan me seia den “etter-nytestamentlege” jødedomen. Denne skulle eg gjerne hatt meir kunnskap om. Som kristen teolog kjenner eg best den mangfaldige jødedomen i nytestamentleg tid, – og den gamaltestamentlege trua.

Nå kjem det ein internasjonal kapasitet på området på besøk til Stavanger. Misjonshøgskolen inviterer til ein serie opne forelesningar med innføring i rabbinsk jødedom. Det er professor Daniel Stein Kokin frå Universitetet i Greifswald som kjem på besøk.

Kokin er professor i jødisk litteratur og kultur ved TF Greifswald, og hans gjesteopphold byr på en unik mulighet til å gi studenter og andre interesserte en innføring i jødedommen basert på en fagkompetanse som verken MHS eller andre teologiske utdanningsinstitusjoner i Norge selv besitter blant sine ansatte.

Les meir

Forelesningane går nærast dagleg i perioden 29.04 – 07.05 2013. Eg har neppe høve til å få med meg alt dette, men satsar på å vera innom MHS dei dagane det er mogleg (midt i ei viktig konfirmasjonstid i kyrkjelyden der eg er prest).

Her er meir informasjon frå MHS: Introduction to Rabbinic Judaism.

Temaet har ikkje blitt mindre interessant for meg etter at eg i kveld har lese Oskar Skarsaune sin artikkel “Jødedommens kristne røtter” – Ser vi konturene av et nytt paradigme? i Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap 2011.

Torleif Elgvin skriv slik om denne artikkelen:

Mens vi tidligere talte om jødedommen som kirkens eldre søster, har jødiske forskere nå vist at rabbinsk jødedom fant sin form i 2 – 6. århundre e.Kr., i bevisst avgrensning fra de jødekristne og fra den større hedningekristne kirke. Israel Yuval, Daniel Boyarin og Peter Schäfer er fremstående forskernavn som har snudd om på et gammelt paradigme.

Les meir

Les heile Skarsaunes artikkel frå 2011 her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: