Misjonalt og messiansk

Notat til søndagens tekst: Joh 20,24-31

Det er forteljinga om Tomas sin veg frå tvil til tru som står i sentrum for forkynninga i dag. Men sidan eg skal preike på misjonsgudsteneste i Fogn kyrkje i samband med Israelsmisjonen sitt kretsårsmøte, vil eg også leggja vekt på at Johannesevangeliet er både misjonalt og messiansk. Sjå kva som står i Joh 20,31:

Men desse (teikna) er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

Evangeliet er misjonalt fordi det er skrive med ein hensikt: at lesarane skal tru på Jesus, og ved denne trua ha liv (jfr Joh 6,40). Dette gjeld både jødiske og ikkje-jødiske lesarar. Det gjeld både lokalt og globalt. Det gjeld oss.

Evangeliet er messiansk fordi det lesarane skal tru, er at Jesus er Messias, Guds Son. “Messiansk” er eit uttrykk som er godt kjent blant oss som er aktive i Israelsmisjonen. Det er eit av dei orda som dei jesustruande jødane i dag brukar om seg sjølve, heller enn ”kristne”. Dette er ikkje så underleg: Messias er eit hebraisk ord og betyr det same som det greske ordet Kristus.

Johannesevangeliet er misjonalt og messiansk. Det er skrive for at jødar og ikkje-jødar skal tru at Jesus er Messias, og for at me (jødar og ikkje-jødar) skal ha liv i Jesu namn!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: