Ein himmelsk turban

Visste du at turban blir omtalt som eit himmelsk plagg i Bibelen? Eg hadde lese det før, men då eg i dag las komande søndags lesetekst frå GT, la eg likevel på nytt merke til dette som ein overraskande detalj.

Det dreier seg om ein tekst frå profeten Sakarja. Han ser i eit syn at øvstepresten Josva står framfor Herrens engel i ei himmelsk rettssak. Satan står ved sida og fører klagemål mot øvstepresten. Men engelen representerer den nådige Gud og tar bort Josva si skuld. Samtidig blir Josva kledd opp i himmelske festplagg, blant anna ein rein turban!

Her er teksten:

Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.»  3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen.  4 Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.»  5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der. (Sak 3,2b-5)

Eg tenkjer først og fremst på sikhismen når eg høyrer ordet turban. Men etter oppslag i ulike oppslagsverk har eg fått repetert at dette er eit tradisjonelt orientalsk hovudplagg for menn. Turbanen består av eit tøystykke som blir vikla om hovudet. Ordet kjem i følgje ordboka frå tyrkisk som igjen har det frå persisk. Det er ein språkleg samanheng til ordet tulipan.

Teksten hos profeten Sakarja er elles ikkje den einaste bibelteksten som handlar om turbanar. I Andre Mosebok står det at turbanen var ein del av den prestedrakta som Aron og sønene hans skulle nytta:

Du skal veva ein rutete kjortel av fint lin og laga ein turban av fint lin. Du skal òg laga eit belte i farga vev. (2. Mos 28,39)

Tilbake til teksten frå profeten Sakarja. Den første delen av denne profetboka består av åtte nattsyn som profeten fekk. Det handlar om tida (på 500-talet f. Kr.) då israelsfolket kom tilbake frå fangenskapet i Babylon og skulle byggja opp igjen Jerusalem.

Teksten fortel oss om ein nådig Gud som tilgir skuld. Samtidig viser den oss på ein interessant måte at Bibelen er blitt til i ein heilt annan kultur enn vår. Trua har ikkje oppstått her i Stavanger. Den har djupe røter tilbake til orientalsk kultur der ein himmelsk turban var eit godt bilde på det reine, det frie, det nyskapte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: