Cardo i Sepphoris

Bilde frå bibelske landskap, veke 6/2013

Sepphoris var hovudstad i Galilea då Jesus vaks opp i Nasaret, som ligg ca 5 km lenger sør. Bildet viser Cardo, den eine av dei to hovudgatene i byen som var bygd etter romersk byplanlegging. Legg merke til dei tydelege hjulspora i vegen!

Utgravingane etter Sepphoris ligg i dag i Zippori National Park. Bildet er tatt ein kald vinterdag for nokre veker sidan (10.01.2013).

Cardo, Sepphoris. Foto: Arne Berge 2013

Cardo, Sepphoris. Foto: Arne Berge 2013

Herodes Antipas bygde opp byen som hovudstad i Galilea frå år 3 f. Kr. Kongen budde her til han flytta til den nye hovudstaden Tiberias ved Gennesaretsjøen i 18 e. Kr.

Eg meiner det er naturleg å tenkja seg at Jesus var her i oppveksten, sjølv om byen ikkje er nemnt i NT. Kanskje var han med faren på bygningsarbeid i byen?

Jerome Murphy O’Connor skriv:

His decision to rebuild i 3 BC probably drew the artisan Joseph and his family to settle in nearby Nazareth (Matt 2:21-3); the project would provide work for many years. (The Holy Land. An Oxford Archaeological Guide. Side 412).

Det er meir usikkert om Jesus var i Sepphoris som vaksen. Kanskje han helst heldt seg borte frå Antipas sine byar (jfr Luk 13,31-33)? Professor Karl Olav Sandnes hadde interessant undervisning om dette då eg var der på studietur tidlegare i år. Han peikte spesielt på to spørsmål som denne byen aktualiserer:

  1. Kor stod Jesus i skjæringspunktet mellom jødisk og hellenistisk kultur?
  2. Koss stilte Jesus seg til rikdom, som det var mykje av i denne byen?

PS: Dersom du går fotturen Jesus trail, er Zippori National Park ein naturleg stad for lunchpause første dag, mellom Nasaret og Kana.

Oppdatering seinare i veke 6/2013:

Staden har denne veka også vore omtalt i ei reiseskildring i den israelske avisa Haaretz:

Tourist tip #157 / Zippori National Park
The ancient ruins of this once great city lives up to its post-Biblical billing, “the ornament of all Galilee”.

With ancient hype billing it as “the ornament of all Galilee” (the Jewish historian Josephus), and “perched on a mountain like a bird” – i.e., a bird’s eye view (the Talmud) and “a land flowing with milk and honey for 16 miles around,” (ditto) even in ruin, the city of Zippori has a lot to live up to. And it does.

Les meir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: