Studietur 8.-16. januar 2013

Eg har nyleg kome heim frå Stavanger bispedømme sin studietur til Israel og dei palestinske områda. Turen hadde tre hovudfokus: bibelske stadar, møte med lokale kristne og innføring i religionsdialog.

Me har hatt ei flott og interessant veke. Heldigvis hadde eg masse varme klær med meg. Eg har for første gong opplevd å sjå ein snømann på Oljeberget. Og me hadde meir vind og regn på båttur på Gennesaretsjøen enn eg nokon gong tidlegare har opplevd der.

Her er litt meir om kva me fekk med oss:

1. Tidshistorisk kunnskap om sentrale bibelske stadar er jo midt i blinken for mitt interessefelt. Dette blei også svært interessant (sjølv om eg hadde vore alle stadane tidlegare) fordi det faglege innhaldet var godt ivaretatt av gode lærarar frå MF; professor Karl Olav Sandnes og universitetslektor Hanne Birgitte Sødal Tveito. Ikkje minst gjorde Karl Olav sine korte og konsise “stunt-forelesingar” på dei aktuelle stadane inntrykk; han opna stadig opp for nye perspektiv på kjente bibeltekstar. For å få studiedelen ved turen godkjent, skal eg nå i ettertid levera eit refleksjonsnotat. Eg har planar om å skriva om kva tidshistorisk kunnskap om tempelplassen i Jerusalem kan bety for forståing av ulike bibeltekstar.

2. Det er viktig å møta lokale kristne i det som blir kalla Det heilage landet. Landet er fullt av historie og arkeologi, men har dessverre bare ein liten kristen minoritet. Desse utgjer i dag dei levande steinane på jødisk og palestinsk side (jfr 1 Peters brev kap 2). Me hadde flotte møte med kristne palestinske leiarar i Nasaret, Betlehem og Jerusalem og me hadde kontakt med den messianske jødiske bevegelsen (dette kunne det gjerne ha vore meir av!). Sist søndag hadde eg gleda av å feira gudsteneste i den evangelisk-lutherske kyrkja i Beit Sahour. Det blei også tid til ein privat visitt hos min venn Issa og hans familie i Beit Jala, saman med nokre av prestekollegaene.

3. Det skjer ein viktig religionsdialog mellom kristne, jødiske og muslimske leiarar i Jerusalem, dette i regi av Council of Religious Institutions of the Holy Land der Trond Bakkevig er sentral. Trond var med oss ein dag, og dette førte til svært interessante møte med religiøse leiarar frå dei tre religionane.

2 svar til Studietur 8.-16. januar 2013

  1. […] sine byar? Professor Karl Olav Sandnes hadde interessant undervisning om dette då eg var der på studietur tidlegare i år. Han peikte spesielt på to spørsmål som denne byen […]

  2. […] under er frå det aktuelle arkeologiske utgravingsområdet. Det blei tatt på studieturen i januar 2013, då eg hadde ein interessant runde i dette området saman med Karl Olav […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: