Sinte vaksne og glade barn

Første søndag i adventstida

Bibeltekst: Matt 21,10-17

Adventstida og det nye kyrkjeåret begynner dette året med sinte vaksne og glade barn. Bibelteksten fortel at barna syng jubelsongar om Jesus. Dei vaksne religiøse leiarane er sinte fordi Jesus helbreda nokre blinde og lamme. Men jammen er visst også Jesus sint i denne teksten. Han veltar bord og kjem med relativt skarpe ord til dei som dreiv handel på tempelplassen. Desse siste, altså handelsmennene og pengevekslarane, er sikkert også sinte. Men det seier ikkje teksten noko om. Teksten sluttar med Jesu legitimering av barna sin jubelsong og deretter med ein kvardagsleg notis om kor han budde då han var i Jerusalem.

Dette er altså ein av dei bibeltekstane som viser at Jesus viste følelser. Han kom i affekt over handelsverksemda på tempelplassen. Han likte barna sine hosiannarop. Og han har sikkert ingenting i mot at barn og vaksne i dag kan vera både sinte og glade!

Kven er Jesus? Matteus fortel at folk i Jerusalem stilte dette spørsmålet då han kom til byen palmesøndag. Jesus svarte blant anna med å utføra ei dramatisk handling på sjølvaste tempelplassen i byen. Men kva betydde det han gjorde? Var han først og fremst ein opprørar? Eller var han ein profet som ved sine ord og handlingar brakte Guds rike nær? Eg trur det siste er nærast sanninga. Men eg trur han er meir enn ein profet.

Ordet advent handlar eigentleg om det å komma, ikkje om å venta. Sjølv om bibelteksten handlar om palmesøndags-inntoget i Jerusalem, har kyrkja sidan også brukt denne historia i forkynninga i adventstida.

I adventstida er eg opptatt av ulike sider ved det at Jesus kjem til oss. Han kom ein gong som barnet i Betlehem. Han kjem til oss i dag og er nær i kvardag og fest. Og han skal ein gong koma igjen i herlegdom, for å bruka eit typisk bibelsk ord. I tillegg vil eg ganske sikkert dei neste vekene vera opptatt av juleførebuing, julehandel, julereingjering, julegudstenester, juleavslutningar, julesongar osv. Så får eg bruka adventstida til å få alt dette til å henga saman i mitt liv.

Her er søndagens tekst frå Evangeliet etter Matteus:

10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 12 Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer 13 og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle.»
14 På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. 15 Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge 16 og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»
17 Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.

Eg vil slutta dette notatet med nokre vers frå adventssalmen Veni, redemptor gentium, her i Norge kjent som Folkefrelsar, til oss kom. Dette er den eldste salmeteksten som står i Norsk Salmebok (utanom dei salmane som er reine bibeltekstar). Den er skriven av biskop Ambrosius på 300-talet. Sjølv om eg først og fremst er glad i moderne nynorsk, lar eg meg også fascinera av den gamle omsetjinga frå 1905. Men innhaldet er det viktigaste. Orda held meg fast i undring og tru i adventstida.

Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du soleîs koma må.
Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.
Utan synd han boren er
Som all synd for verdi ber.
Han er både Gud og mann,
alle folk han frelsa kann.

3 svar til Sinte vaksne og glade barn

  1. I mange år undrast eg over kvifor Palmesundagstekstar vart nytta i Adventstida? Det har eg etter kvart slutta med. Skulle det vera for mykje med litt Hosianna-jubel, nokre klesplagg, enkle palmegreiner og eit esel, for å markera at Jesus den påskehelga, var på veg inn i livet mitt/vårt; – for “liksom ein manns brot vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og ein manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske!” (Rom 5,18).

    Konklusjon: “Du kjem ikkje utanom Jesus, om du inn til livet vil gå. Får han ikkje synet deg gjeva, Guds rike du ikkje kan sjå.” (Trygve Bjerkrheim).

    Bjarne Vestbøstad

  2. Arne Berge seier:

    Takk for tankevekkjande kommentar, Bjarne. Det er nok også mange som denne helga (3. søndag i adventstida) undrar seg over at Døyparen Johannes har så stor plass i kyrkja sine adventstekstar. Men advent handlar jo om Jesu kome, på mange plan. Og tekstane går langt bakom det enkle og lettvindte.

  3. […] Relatert notat: Sinte vaksne og glade barn […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: