Mariakonserten

Eg ser for meg at Maria var ei sterk kvinne og ei god mor. Ho følgde Jesus frå fødsel til død gjennom eit uvanleg og dramatisk liv. Ho var også trufast mot han etter hans død og oppstode, og ho var med i det første kristne fellesskapet i Jerusalem. Maria sitt kall var å vera Jesu mor, – og ho følgde kallet. Gjennom dette er ho eit førebilete for oss.

Verknadshistoria etter Maria er omfattande,  både i kunst- og kulturhistoria. Den apostoliske truvedkjenninga nemner henne med namn, og dermed blir Maria-namnet framleis nemnt i kvar gudsteneste, også i vår norske folkekyrkje. “Eg trur på Jesus Kristus (…) fødd av Maria møy”. Kanskje veks det i dag fram ei forståing som gjer Maria viktigare enn tidlegare, også i vår lutherske samanheng?

(frå innleiinga mi i konsertprogrammet)

Denne helga blei Mariaprogrammet som eg har arbeidd med dette året, framført i konsertar i fire kyrkjer i Stavanger, Sandnes og på Jæren. Sjølv fekk eg med meg to av konsertane. Eg var godt nøgd etter fredagskvelden i St. Petri. Og konserten i Hana søndag kveld var ei enda større oppleving!

Programmet var delt i tre delar:

  • Marias liv fram til Jesu fødsel
  • Marias liv saman med Jesus
  • Marias liv etter Jesu død og oppstode

Dette var sett saman av lystenning, song, musikk, bibellesing og forteljing. Eg hadde valt ut bibeltekstane, bearbeidd enkelte av dei for å setja dei inn i ein samanheng, og skrive fem pilegrimsforteljingar som handla om å reisa i Marias fotspor i vår tid. Dessutan var eg med i regi og scenografi saman med Elisabeth Barstad, som stod bak konserten. Dette siste skal eg på ingen måte ta hovudæra for; eg opplever at Elisabeth og hennar medarbeidarar gjorde det meste av arbeidet med dette.

Pilegrimstekstane var skrivne på bakgrunn av reiser i bibelske landskap i Nasaret, Betlehem, Kairo, Kana og Jerusalem.

Det var musikk av Almquist, Bach/Gounod, Max Reger, Hildegard von Bingen, Steinar Eielsen, Per Sigmund Rettedal med fleire, i tillegg til eigne komposisjonar av Elisabeth Barstad og Eddie Andresen.

Bibeltekstane var utdrag og bearbeidingar frå Matt 1 og 2, Luk 1 og 2, Joh 2 og 19, Apg 1 og 11. I tillegg til bibeltekstane hadde me med eit utdrag av forteljinga om Marias barndom frå Jakobs Protevangelium.

Kunstnarane som framførte konserten var:

  • Elisabeth Barstad, tekstformidling og fløyte
  • Ingeborg Barstad, sopran
  • Eddie Andresen, slagverkinstrument
  • Kristin Sembsmoen (sopran), Merethe Rage Aasvold (sopran), Øygynn Ebenhard (alt) og Kirsten Bakke (alt), – vokalgruppe frå Concentus

Dessutan deltok Ingvild Berger med lystenning og små samanbindande kommentarar. Prosjektansvarleg var Randi Garathun-Hansen.

For meg har dette vore eit spennande prosjekt å få vera med på. Takk til alle dei medverkande! Ein spesielt stor takk til Elisabeth og Randi!

6 svar til Mariakonserten

  1. Wenche seier:

    Av og til, ein sjeldan gong, tenkjer eg at eg kanskje heller skulle ha budd i byen – eller deromkring.

  2. […] er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i […]

  3. […] er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i […]

  4. […] er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i […]

  5. […] er éin av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i […]

  6. […] er den siste av fem pilegrimstekstar som blei framført i Mariakonserten for eit år sidan, i november 2012. Eg skreiv desse tekstane om ein tenkt pilegrim som reiser i […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: