Å bli tatt inn i Guds folk

Notat til søndagens tekst: Matt 8,5-13 ff

Bibelteksten fortel om Jesu møte med “ein heidning” (i Bibelen betyr det ein som ikkje er jøde) som har ei enkel og tillitsfull tru. Jesus gir mannen, som er utanlandsk offiser i Kapernaum, denne attesten:

Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.

Eg vil her ta med eit utdrag frå kommentaren til teksten i Luthersk Kirketidende nr 15/2012. Her skriv prost Even Borch om koss Jesus opnar gudsfellesskapet for oss som ikkje er jødar.

Det finst mykje usunn teologi om koss me som kristne skal sjå på jødane som Guds folk. Derfor siterer eg gjerne dette som eg meiner inneheld god teologi i enkel form.

Jesu møte med offiseren i Kapernaum er ei underforteljing, men samstundes ei forteljing der Jesus inkluderer dei som ikkje tilhøyrer Israelsfolket, i Guds rike.

(…)

Det andre fokuset i forteljinga, det at Jesus opnar gudsfellesskapet for andre enn jødar, er kan hende det viktigaste i teksten. Det er også det teologisk mest utfordrande. For samstundes med at Jesus opnar opp, så kjem han med sterk kritikk av arvingane til riket, Guds utvalde folk.

Gjennom historia veit vi at nettopp denne bibelteksten har vore brukt som grunnlag for  antijødiske eller antisemittiske teoriar. Også i dag har mange kyrkjer og teologar det ein gjerne kallar erstatningsteologi. Det vil seie at etter Jesu tid, er jødane forkasta som Guds eigedomsfolk og erstatta av den kristne kyrkja.

Dette temaet tar Paulus grundig opp i Romarbrevet. Hans forståing er tydeleg at jødane ikkje er forkasta som Guds folk, men at heidningane i Kristus blir innpoda i vintreet slik at dei på ein måte blir jødar. Den paulinske tanken harmonerar godt med måten Jesus omtaler himmelen: Der skal folk komme frå aust og frå vest og sitte til bords med dei jødiske patriarkane.

At det finst arvingar som blir kasta ut i mørket, er også eit faktum. Det understrekar det radikale i å vera med i Guds rike. Det er ei gåve du må ta imot i tru enten du er jøde eller heidning.

Og her er bibelteksten frå Matteusevangeliet kap. 8:

Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:6 «Herre», sa han, «tenesteguten min ligg lam heime og har svære plager.»7 Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.» 8 «Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. 9 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.» 10 Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. 11 Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. 12 Men borna av riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.» 13 Og Jesus sa til offiseren: «Gå! Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten vart frisk i same stunda.

Èitt svar til Å bli tatt inn i Guds folk

  1. Wenche seier:

    Når eg les dette, tenkjer eg: det er ein truverdig teolog – som går så grundig til verks i høve kjeldene, gjennom Bibelen og inn i landskapet med alle sansar opne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: