Sidkias grotte

Sidkias grotte er eit stort og gamalt steinbrot som går langt inn under Gamlebyen i Jerusalem.

Inngangen ligg på utsida av bymuren, nær Damaskus-porten.

Foto: Wikipedia.

Ved å lesa artikkelen Finding the Freemasons in Jerusalem i Israel Hayom har eg i dag lært meir om staden. Eg var blant anna ikkje klar over at dette var ein viktig samlingsstad for frimurarane på byrjinga av 1900-talet.

Legendene knyter staden til kong Sidkia (“Zedekiah’s Cave”), som var konge i Jerusalem då jødane blei bortført til Babylon, og til kong Salomo og bygginga av det første templet (“King Solomon’s Quarry”). Historisk sett er det nok ikkje råd å stadfesta kor langt tilbake det har vore tatt ut stein her, men det er i alle høve klart at Herodes den store brukte staden ved bygginga av templet i det siste hundreåret før Kristi fødsel.

Staden blir i dag forvalta av East Jerusalem Development Ltd som har ei nettside med kart og ein kort informasjonstekst her. Wikipedia gir mykje meir informasjon om staden her.

(via BiblePlaces Blog)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: