Heilag eld i Gravkyrkja

I dag er det påskeaftan etter den ortodokse kyrkja sin kalender. Dette er dagen for tenninga av den heilage elden i Gravkyrkja i Jerusalem, ein seremoni som har funne stad i påsken i over 1000 år.

Eg har éin gong opplevd å vera i Gravkyrkja i samband med dette, i påsken 2001. Slik skildra eg den gong dette i eit innlegg i Jærbladet:

Påske i byen der det skjedde. Reisebrev IV frå Jerusalem 2001

Påskeaftan er det ei spesiell lystennings-seremoni i Gravkyrkja. Den markerer overgangen frå mørker til lys, frå død til liv. Aldri er trengselen i Gravkyrkja større enn då. Eg tenkte optimistisk at dette skulle eg få med meg. Eg hadde bare ikkje sett for meg kor mange andre som hadde tenkt det same! Vel innanfor Gamlebyen sine murar, møtte eg denne gongen ikkje bare trengsel, men også stengsel. Israelsk politi stengte av heile området rundt kyrkja; dei vurderte det uforsvarleg å ha fleire menneske inn i denne delen av byen. Eg var nære ved å gje opp, men fann ut at eg fekk prøva å nærma meg kyrkja frå dei rolege bakgatene i det kristne kvarteret, der turismen ikkje er så påfallande. Og der såg eg mange menneske med stearinlys i handa, dei forsvann inn ei døropning i det gresk-ortodokse patriarkatet. Eg fylgde straumen, og kom etter kvart fram til ein stor terrasse på taket av Gravkyrkja! Der gjekk folk forventningsfulle rundt med lysa sine, og venta på at elden skulle koma opp frå seremonien nede i kyrkja. Og då dei mektige klokkene begynte å kima like ved, og det kom eld opp til takterrassen, var jubelen stor. Ungdomar dansa med lys og tamburinar. Det var fest og glede, og klokkene ringte påsken inn i ein heil time. Etter ein stund såg eg nokre som gjekk opp ein trapp og inn ei dør langt oppe på den store kuppelen. Eg fylgde naturleg nok etter, inn på eit smalt galleri, høgast oppe i kuppelen over Jesu grav. Det blei ei flott påskeoppleving for meg. Eg såg ned på eit teppe av røykjelse og lys, og høyrde jubelsong frå folket som var samla rundt grava.

(les meir)

Travelujah skriv om seremonien nå i år:

Jerusalem’s Special Event- the Holy Fire Ceremony
Easter in the Holy Land is unique in many ways, but probably the most significant tradition that occurs only in the Holy Land is the widely awaited tradition, the Holy Fire ceremony. The special ceremony takes place on the Saturday before Orthodox Easter, and captures center stage once again during this holiday’s season in Jerusalem for local Christians plus the thousands of believers who make a special pilgrimage to the Holy Land for Easter.

The Holy Fire Ceremony is the culmination of Lenten and Easter event, as it represents the moment when the spirit of Jesus fills the tomb site in the Holy Sepulchre. According to beliefs of many, a flame appears in the tomb and is caught by the Greek patriarch and an Armenian Orthodox priest and is then shared with congregants holding candles in the church who then pass this flame from one person to another.

Because this event is specific to Jerusalem geographically, it is not celebrated anywhere else in the world. Many Orthodox pilgrims from Greece, Russia, Armenia, Eastern Europe and the United States, line up beginning day before. Even tourists beyond Christians as well as locals will often join those in an effort to get inside the Holy Sepulchre for the very special cereimony

(les meir)

Èitt svar til Heilag eld i Gravkyrkja

  1. […] Oppdatering 11.04.2016: Det er i dag nøyaktig 85 år sidan luftskipet hang over Gravkyrkja i Jerusalem. Denne dagen var påskeaftan i 1931, og dei som var på tur fekk sjå seremonien med Den heilage elden ovanfrå. Sjå det tidlegare notatet Heilag eld i Gravkyrkja. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: