Nye funn av NT-manuskript

Det skal nyleg vera funne nokre svært gamle fragment av tekstavsnitt frå NT på papyrus (februar 2012). Denne nyheita har vore kommentert av mange på nettet gjennom heile februar etter at bibelforskaren Daniel B. Wallace offentleggjorde funnet i eit debattmøte 1. februar.

Wallace hevda at eitt av sju fragment som er funne, eit fragment av Markusevangeliet, er frå det første hundreåret. Dette er det i etterkant mange som har sett spørjeteikn ved. Men også dersom papyrane er frå det andre eller tredje hundreåret, er dei blant dei aller eldste kjente nytestamentlege handskrifta.

Det kan sjå ut til at me må venta eit år før funnet blir publisert. Ei alment akseptert datering er vel neppe mogleg før fragmenta er gjort offentleg tilgjengelege og fleire uavhengige forskarar har kunna vurdera dei.

Her er ein oversiktsartikkel hos Forbes 27.02.2012: Fragments of Mark’s Gospel May Date to 1st Century. Det norske (og seriøse) Forum for hellige skrifter kommenterer artikkelen slik:

Interessant artikkel om de ny manuskriptene som er funnet. På dette tidspunkt mener noen forskere at fragmentene fra Markusevangeliet kan dateres tilbake til ca. 100-150 e. Kr. Det eldste manuskriptet fra Markusevangeliet som hittil har vært kjent stammer fra P45 (ca. 200-250 e. Kr.). Store nyheter altså!

(via facebooksida til Forum for hellige skrifter)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: