Korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om?

Notat til søndagens episteltekst: Rom 10,13-17

Teksten er henta frå eit større avsnitt der Paulus skriv om Guds veg med Israel, det vil i denne samanhengen seia det jødiske folket (Romarbrevet kap 9-11). Paulus fortel om korfor det er så viktig for han å forkynna evangeliet om Jesus for sine “sysken som er av same folket som eg” (9,3).

Paulus sine ord blir ofte i kristen forkynning brukt generelt om vitneteneste og misjon. Det er greitt. Men me skal ikkje gløyma at orda er skrive inn i ein samanheng og at Paulus allereie i innleiinga til brevet skriv at evangeliet er “ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar” (1,16).

I samanheng med dette tar eg med eit innlegg eg nyleg har skrive for Helgedagen nr 1/2012, kyrkjelydsblad for Bryne, Time og Undheim sokn:

Immanuelkyrkja i Tel Aviv

Eg har besøkt Immanuelkyrkja i Jaffa, den gamle bydelen i Tel Aviv, fleire gonger. Men korfor har eg, og fleire med meg på Bryne, ein relasjon til denne kyrkja?

Det dreier seg om eit misjonsengasjement. Bryne kyrkjelyd har valt eit misjonsprosjekt der me vil vera med og bringa evangeliet om Jesus tilbake til folket og landet evangeliet opprinneleg kom frå. I dag er den kristne trua dessverre i liten grad kjent blant jødar i Israel. Gjennom misjonsprosjektet støttar me Israelsmisjonen sitt arbeide, konkretisert til kyrkjelyden i Immanuelkyrkja og return2sender, som er organisasjonen sitt arbeid med å skapa engasjement for misjon og forsoningsarbeid blant unge.

Det er mange som blir usikre når dei høyrer om Israelsmisjonen, for det er fleire norske organisasjonar som har ”Israel” med i namnet sitt og desse organsasjonane er ganske ulike. Nokre kallar seg profetiske, andre humanitære eller politiske organisasjonar. Støttar Bryne kyrkjelyd verkeleg ein slik organisasjon?

Det er viktig å seia at Den Norske Israelsmisjon ikkje har ei slik sjølvforståing. Dette er ein misjons-organisasjon som arbeider i samarbeid med Den norske kyrkja og som har fokus på det jødiske folket, hovudsakleg i Israel, men også i fleire andre land. Dessutan har organisasjonen eit spennande engasjement for forsoningsarbeid i den vanskelege konflikten i Midt-Austen.

Immanuelkyrkja verkar faktisk som ein magnet på mange jødar i Tel Aviv i dag. Dei veit ofte lite om den kristne trua, men dei er nysgjerrige på denne kyrkja som ligg i eit spesielt nabolag med historiske bygningar. Gjennom ei vanleg veke kjem mange menneske innom for å oppleva ”noko annleis”. Og kyrkja inviterer også til månadlege konsertar som interesserer mange. Immanuelkyrkja er open og tar i mot alle som kjem, uavhengig av tru og bakgrunn. Og i helga samlar ei samansett forsamling seg til gudsteneste; det dreier seg faktisk om menneske frå alle kontinent og frå ulike sosiale miljø, både jødar og ikkje-jødar. Sjølv om dei er ulike, har dei éin viktig ting felles; trua på Jesus som Messias.

Paulus skriv: ”Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?” (Rom 10,14). Desse orda er skrive i eit avsnitt der Paulus set fokus på det jødiske folket sitt behov for å kjenna Jesus (Rom 9-11).

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: