Bøker i Jerusalem

Eg interesserer meg for bøker. Gamle og nye bøker. Ser eg ein bokhandel eller eit antikvariat når eg er ute og reiser, kan du vera trygg på at eg gjer det eg kan for å gå inn og bruka tid der. Det gjeld også når eg er i Jerusalem.

Derfor likte eg artikkelen Top 5 Jerusalem bookstores som stod i Jerusalem Post sist veke. Skribenten rangerte butikkane slik:

  1. Book Gallery
  2. Steimatsky
  3. M. Pomeranz Bookseller
  4. Munther’s Book Shop
  5. Olam Qatan

Då eg var i Jerusalem i haustferien i fjor, budde eg på eit hotell like ved Book Gallery. Dermed fekk eg mitt første, men neppe det siste, besøk i denne butikken. Dette var verkeleg ein stad med atmosfære. Sjå nettsida deira her (også for online handel).

Besøket i Book Gallery førte elles til at eg hadde med meg ein godbit heim; George Adam Smith si Historical Geography of Jerusalem (bd 1) og  History of Jerusalem (bd 2) i eit opptrykk av originalutgåva frå 1907. Eit klassisk Jerusalemsverk!

(via BiblePlaces Blog)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: