Språkleg sannare

Sylfest Lomheim om juleevangeliet

Den tidlegare direktøren i Språkrådet har vore med som norskkonsulent i arbeidet med Bibel 2011. Aftenbladet har bede han skriva om bibelomsetjinga og han har kvittert med å skrive om kva som skjedde med juleevangeliet (papirutgåva 22.12.2011).

Her er eit lite utdrag:

I 2011 er frelsaren i Davids by “Messias, Herren”. I 1978 var han “Kristus, Herren”. Byte av ord, men nøyaktig same sak. Kristus er det greske ordet, Messsias er det hebraiske ordet. Begge tyder “den salva”. Som alle veit, har evangeliet røtene i den hebraiske kulturen, ikkje i den greske. Juleevangeliet blir språkleg sannare med den endringa.

Lomheim har talt opp 19 små og større endringar i Luk 2,1-21. Dei fleste er små og av grammatikalsk art. Det er fem-seks klare tekstendringar. Dei mest sensasjonelle er at herberget og sauene er ute av teksten, rett og slett fordi dei ikkje finst i grunnteksten.

Mot slutten av artikkelen skriv han:

Gjennomgangen ovanfor er i så måte tydeleg: evangelietekstene har blitt litt annleis. Endringane som er gjorde, er resultat av vurdering av kva som er den mest presise meininga i grunnteksta, og kva som ut frå det er den mest dekkjande løysinga i dagens norsk. Kort sagt; dei endringane som er gjorde, er forankra i eit syn på kva som er profesjonell omsetjing – ut frå all tilgjengeleg kunnskap og innsikt i 2011.

Artikkelen har fått tittelen Bibel som held til 2050. Den som lever, får sjå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: