Alfabetsalmar i Bibel 2011

I den nye bibelomsetjinga finn me nokre poetiske tekstar der det er markert at teksten eigentleg følgjer det hebraiske alfabetet. Eg syns det er flott at dette nå er gjort synleg i Bibel 2011. På den måten kan alle bibellesarar få eit lite innblikk i éi av formene i hebraisk poesi.

Dette dreier seg om såkalla alfabetsalmar. Dei er bygde opp omkring dei 22 konsonantane i det hebraiske alfabetet. Det betyr at første verslinje (evt første strofe) begynner med Alef, som er den første bokstaven i det hebraiske alfabetet. Neste verslinje begynner med Bet, som er neste bokstav i alfabetet osv.

I Bibel 2011 dette markert med at dei hebraiske bokstavane er tatt med framfor versa i Salme 25, 34, 37, 111, 112, 119, 145 og i Klagesongane 1-4.  Det er ein kort omtale av fenomenet i den forklarande noten til Sal 25,1 og i forklaringane bak i Bibelen under oppslagsordet Poetiske bøker.

Den lange Salme 119 er truleg den mest kunstferdig oppbygde alfabetsalmen. Den inneheld på hebraisk først åtte verslinjer som begynner med Alef, deretter åtte verslinjer som begynner med Bet osv. Slik består salmen av 8 x 22 verslinjer og dette utgjer altså dei 176 versa i salmen.

Teksten i Sal 145,13b, som begynner med den hebraiske bokstaven Nun, er interessant. Dette er eit av dei små tekstavsnitta som er henta frå Dødehavsrullane og som altså er med i Bibelen for første gong nå i Bibel 2011:

HERREN er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer.

Her har den tidlegare kjente hebraiske teksten mangla den verslinja som skulle begynna på Nun. Så blei altså den ukjente tekstlinja funnen i Salmerullen frå Qumran.

På tilsvarande vis manglar for eksempel verslinja som skulle begynt med Waw i Salme 34 (mellom vers 6 og 7). Kanskje blir det ein gong funnen ein gamal tekstrull som har med dette bibelverset også?

Det kan også nemnast at det finst fleire enn dei sju nemnte salmane som er skrivne som alfabetsalmar utan at det er markert i den norske Bibelen. Dette gjeld f eks Sal 9-10. Eg reknar med at markeringa her er utelaten fordi den poetiske forma ikkje ser ut til å vera fullstendig bevart i den hebraiske grunnteksten.

Alfabetsalmen som poetisk form er ikkje ukjent for den som har studert teologi og som har arbeidd med den hebraiske grunnteksten. Forma er tydeleg markert i hebraiske tekstutgåver, f eks i Biblia Hebraica Stuttgartensia som eg har nytta når eg har skrive dette.  For meg blei likevel møtet med dei hebraiske bokstavane i min nye norske Bibel utgangspunkt for ein interessant repetisjon omkring denne hebraiske poesien.

(Oppdatert 25.11.2011)

Èitt svar til Alfabetsalmar i Bibel 2011

  1. […] Alfabetsalmar i Bibel 2011 […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: