Om å æra Gud på nynorsk

Notat til dagens tekst: Joh 15,1-8

Første del av vers 8 blir ulikt omsett på nynorsk og bokmål i Bibel 2011:

Nynorsk: For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Bokmål: For ved dette blir min Far æret, at dere bærer mye frukt og blir mine disipler.

Det ville vore fullt mogleg å skriva “For ved dette blir Far min æra …” på nynorsk. Eg meiner faktisk dette er eit uttrykk som ville fungera like godt på nynorsk som på bokmål. Likevel har altså Bibelselskapet valt ei langt tyngre formulering ved å nytta ordet herlegdomsglans.

Det er omsetjinga av det greske ordet ἐδοξάσθη det dreier seg om. Det kan hende den nynorske omsetjinga får fram meir av innhaldet i dette ordet. Det er likevel vanskeleg å forstå logikken i at dei to norske målformene skal ha så ulik valør i den same Bibelutgåva.

Er det nokon som kan hjelpa meg til å forstå Bibelselskapet sin tankegang?

2 svar til Om å æra Gud på nynorsk

  1. Wenche seier:

    Nei, ikkje eg. Men desse to versjonane tilsaman gjev mykje meir liv til orda enn om me berre hadde hatt bm-versjonen, også i nn drakt. Eg må seia dei har vore snille og gode som har utdjupa for oss på denne måten.

  2. Arne Berge seier:

    Takk for innspel, Wenche. Eg strevar likevel med å akseptera at nn- og bm-utgåvene skal vera så ulike, og dessutan at nn har fått ein vesentleg tyngre lesemåte enn bm. Dette har så vidt eg kan sjå ikkje noko med målformene å gjera. På same måte som ein kunne ha nytta verbet “å æra” på nynorsk, kunne ein skrive om “herlighetsglansen” på bokmål.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: